– Står du utan fagforeining i ryggen, så må du fikse det åleine. Eventuelt må du hyre ein dyr advokat, og det har ikkje alle unge råd til, seier fagleg ungdomssekretær i LO i Møre og Romsdal, Kent Logan Jelle.
– Dessverre er det mange som ikkje veit at dei kan vera organisert når dei «berre» er sommarvikar, seier han.
Tar sjansar
LO sin sommarpatrulje har besøkt heile 339 ulike bedrifter i Møre og Romsdal den siste veka, og fann at kva fjerde bedrift braut reglane.
Blant anna har dei vore på ei bedrift i Fræna kommune der 13 personar ikkje hadde arbeidskontrakt, og ei bedrift i Molde gav sommarvikarar mat i staden for lønn.
Andre bedrifter har brote reglar knytt til manglande arbeidskontraktar, overtidsreglar og rettar til pause.
Bør vera organisert
Kent Logan Jelle seier mange trur dei ikkje har behov for å vera organisert, men han seier at mange ofte tar store sjansar ved å ikkje vera det.
ORGANISERT: Fagleg ungdomssekretær i LO i Møre og Romsdal, Kent Logan Jelle, seier ungdom bør organisere seg når dei går inn i sommarjobb.
Foto: Privat– Me får som regel telefon frå dei seinare, og då seier dei at dei er i trøbbel og treng hjelp, seier Jelle og legg til at unge bør vera organisert frå første dag.
– Dei må ikkje vente til etter trøbbelet startar, seier han.
– Men er det ikkje dyrt å vera organisert når du har låg inntekt?
– Det varierer etter inntekt. Har du lav inntekt, så betaler du mindre enn andre. Det går på prosent av løna. Er ein student eller elev, så er det veldig rimeleg, seier Jelle.