Hopp til innhold

Stor aktivitet blant telefonsvindlarar før jul

Fagfolk meiner telefonsvindlarar er ekstra aktive no før jul. Iris Heltne held samtalen i gang lenge for å unngå at dei svindlar andre.

Iris Heltne med mobil

BLIR OPPRINGT: Iris Heltne er lei av svindeltelefonane.

Foto: Nils-Atle Sundnes / NRK

Telefonen til Ålesunds-kvinna ringer ofte. Svindlarane seier på gebrokkent engelsk at dei er frå Microsoft og vil hjelpe henne med eit dataproblem. No er ho lei.

– Det er frykteleg plagsamt. Eg har anna å gjere enn å drive og prate med folk eg veit ikkje har gode motiv, seier Iris Heltne.

Men ho gjer det likevel, og ho brukar god tid på samtalen.

– Då svindlar dei i alle fall ikkje andre den tida dei snakkar med meg, seier ho.

Vanskeleg å stoppe

Telenor åleine stoppar årleg 3 millionar svindeltelefonar, men det er truleg berre ein brøkdel av totalen.

Lillesands Hollywood-skilt

Johannes Vallesverd.

Foto: Leif Dalen / NRK

– Sjølv om du har tatt imot ein slik samtale, er det først dersom du lastar ned programvare eller oppgir kortinformasjon at svindelen er i gang, seier Johannes Vallesverd i Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit.

Målet til telefonsvindlarane er enten å få tak i personopplysningar dei kan misbruke, eller installere programvare på datamaskinene, som dei seinare vil bruke til svindel. Det finst ingen statistikk som viser kor mange som faktisk går på limpinnen, men ifølgje Økokrim er det stadig folk som melder om at dei har blitt lurt.

Svindlarane brukar såkalla spoofingteknikkar for å lure folk til å ta telefonen. Det ser dermed ut som det er eit norsk nummer som ringer. Det er også ei utfordring at uskuldige kan få nummeret sitt kuppa for ein periode, og brukt i veldig mange samtalar. Dette gir masse oppringingar tilbake til den uskuldige.

Ifølge Økokrim er dette organisert kriminalitet der bakmennene opprinnneleg kjem frå Nigeria, men opererer frå India.

Anne Dybo, rådgiver i Økokrim

Anne Dybo, rådgjevar i Økokrim.

Foto: Hallgeir Aunan / NRK

– Økokrim har åtvara mot Microsoft-svindel i mange år. Vi er også ein aktiv del av Europops bedrageri analysegruppe, og det blir jobba mykje internasjonalt for å stoppe dette, seier Anne Dybo som er rådgjevar hos Økokrim.

Ho fortel at også politiet i India jobbar å stoppe bedrageriet, men at det er svært vanskeleg.

– Det ser ut til å vere mange svindlarar, og dersom dei klarer å legge ned ein ringesentral, dukkar det fort opp ein ny på ei anna adresse.

Utnyttar julestress

IT-bedrifta Atea meiner det er ei god forklaring på kvifor mange blir ringt opp i desse dagar.

Vegard Kjerstad, Atea incident respons team

Vegard Kjerstad i Atea Incident Response Team.

Foto: Nils-Atle Sundnes / NRK

– Når vi driv med julestresset vårt, så er det naturleg at vi ikkje reagerer like fornuftig som vanleg. Dei prøver seg heile året, men før jul er det veldig ofte oppsving i slike aktivitetar, seier Vegard Kjerstad som er leiar for Atea Incident Response Team.

Nasjonal kommunikasjonsmyndighet har no sett ned ei ekspertgruppe for å sjå på kva som kan gjerast for å avgrense problemet

– Det er mitt inntrykk at telefonselskapa tar dette alvorleg, og at dei jobbar for å stoppe det, men det internasjonale aspektet gjer det likevel avansert, seier Johannes Vallesverd i Nasjonal kommunikasjonsmyndiget.

Iris Heltne

Iris Heltne tar kampen mot svindlarane ved å halde dei på telefonen ekstra lenge.

Foto: Nils-Atle Sundnes / NRK

I Ålesund ringer det framleis folk som vil hjelpe Iris Heltne med Microsoft-problem. Ekspertane sitt råd er å legge på snarast råd, men Heltne har funne si eiga metode – og håper det skal spare andre frå å bli lurt.

– Det kan jo hende at det framleis finst folk som lar seg lure, så om eg klarer å opphalde dei, så rekk dei i alle fall ikkje lure nokon den tida, seier ho.