Hopp til innhold

Meiner Sunnmøre har blitt dumpingplass for gamle ferjer

Maritim foreining for Søre Sunnmøre er oppgitt over at Norled brukar gamle ferjer. Dei ber samferdslepolitikarane kome på banen.

Ferja Ullensvang midtfords

Ferja Ullensvang nærmar seg 30 år. I mange av sambanda går det gamle ferjer og det er Maritim foreining for Søre Sunnmøre kritiske til.

Foto: Svein Smørdal

I dag var ferja Ullensvang som går mellom Hareid og Sulesund innstilt i fleire timar på grunn av tekniske problem. Ferja er nesten 30 år og vart sett inn i sambandet 1. januar i år. På dei månadane ferja har vore i drift, har det vore fleire episodar med tekniske vanskar.

Mange var kritiske til at ferja skulle kome til Sunnmøre og også Norled innrømte at det ikkje vart optimalt å sette Ullensvang inn i sterkt trafikkerte sambandet. Dei fekk ikkje lov av Statens vegvesen å omrokkere og sette ferja inn andre stader.

Berre gamle ferjer

– Dei reisande opplever at Sunnmøre har blitt en dumpingplass for gamle ferjer. Vi får kun gamalt materiell og ferjeselskapet prøver å flytte dei nye ferjene herifrå, seier Terje Høybakk.

Han er leiar i Maritim foreining for Søre Sunnmøre. Han kan ramse opp fleire episodar med ferjestans i ulike samband på søre Sunnmøre den siste tida.

– Problemet er at ferjene ligg stille. Anten ein kort periode eller lengre periode. Dei havarerer eller går i ferjekaia, seier Høybakk.

Terje Høybakk

Terje Høybakk og Maritim foreining for Søre Sunnmøre meiner at alfor mange av ferjene er gamle og utdaterte.

Foto: Trond Vestre / NRK

LES OGSÅ:

Krev betring

Foreininga meiner at situasjonen har forverra seg etter at Norled tok over avtalane og meiner samferdsleutvalet må handle.

– Eg skal ikkje legge skulda på Norled åleine. Dei brukar dei ferjene som fylkeskommunen godkjenner. Det er ikkje godt nok. Dei reisande er fortvilte og det må politikarane innsjå, seier Høybakk.

Maritim foreining for Søre Sunnmøre har sendt brev til samferdslepolitikarane med spørsmål om kva dei har tenkt å gjere.

Staten må betale

Oddbjørn Vatne

Oddbjørn Vatne ser inga anna løysing på problemet med eldre ferjer enn at staten må betale.

Foto: Trond Vestre / NRK

Oddbjørn Vatne er leiar i samferdsleutvalet og meiner at problemet med gamle ferjer slett ikkje berre gjeld Sunnmøre, men heile landet.

– Det finst berre ei løysing på problemet og det er at staten må innsjå at det er meir kostbart å drive ferjer i dag enn før. Vi har fått ein kraftig kostnadsauke og staten må hjelpe oss, seier Vatne.

I dag brukar fylkeskommunen 100 millionar kroner meir enn dei får tilført frå staten for å oppretthalde tilbodet. Det går utover vedlikehald av vegar og tunnelar.