NRK Meny
Normal

Meiner statsråden er inhabil

Kristiansund Høgre meiner Bent Høie ikkje kan ta eit vedtak i sjukehussaka fredag. Dei meiner statsråden er inhabil.

Bent Høie

Kristiansund Høgre meiner statsråd Bent Høie er inhabil i sjukehussaka.

Foto: Pedersen, Terje / NTB scanpix

– Poenget med habilitetsreglar er at borgarane skal føle tryggleik. Difor bestemmer forvaltningsloven paragraf 6 at ein er inhabil dersom det ligg føre spesielle forhold "som er eigna til å svekke tilliten" til om ein er partisk. Her nektar Høie å svare på kva han har gjort og sagt. Til og med i Stortinget, skriv Kristiansund Høgre i ei pressemelding torsdag.

Helseminister Bent Høie (H) måtte i spørjetimen onsdag svare på spørsmål om si rolle i val av sjukehustomt. Stortingsrepresentant Jenny Klinge frå Senterpartiet ville vite om det har kome signal frå regjeringshald til Helse Midt-Norge om valet av tomt for det nye fellessjukehuset og om statsråden meiner prosessen har gått føre seg på rett vis.

Høie har blitt skulda for å ha blande seg i prosessen i strid med reglane for eigarstyring, men ville i Stortinget i dag ikkje kommentere om han har gitt uttrykk for kva for sjukehustomt han ønskjer for Nordmøre og Romsdal.

Kristiansund Høgre har ei klar oppmoding til statsråden.

– Ein kan ikkje ha tillit til at statsråden har vore upartisk, vi forventar openheit. Bent Høie har berre eitt val: – Utsett avgjerda, skriv dei.

Krev gransking

Debatten rundt det nye fellessjukehuset på Nordmøre og i Romsdal har rasa dei siste vekene. Onsdag vedtok styret i Helse Møre og Romsdal at det nye fellessjukehuset skal ligge på Opdøl i Molde. Torsdag skal Helse-Midt Noreg kome med si innstilling. Fredag den 19. desember skal Bent Høie ta den endelege avgjerda i saka.

Under styremøtet til Helse Møre og Romsdal onsdag kom det skuldingar om at tidlegare direktør Astrid Eidsvik blei pressa til å velje Molde som sjukehustomt.

Kristiansund Høgre viser også til styremøtet onsdag, der det blei fremja påstandar om utidig press og innblanding i saksbehandlinga frå Helse Midt-Norge.

Dei meiner at statsråden ikkje kan ta ei avgjerd i saka når det framleis er uklart om desse påstandane er sanne eller ikkje.

– Vi tar ikkje stilling til skuldingane, men ber innstendig om at desse blir granska før avgjerd i saka blir fatta.

Onsdag blei det bestemt at kontroll- og konstitusjonskomiteen på Stortinget skal følgje opp påstandane om korrupsjon og press som blei fremja under styremøtet til Helse Møre og Romsdal.


–Saka bør utsettast

Som eit tredje punkt for å få saka utsett nemner Kristiansund Høgre nye opplysningar som dei meiner tyder på utilstrekkeleg utgreiing.

– Det manglar ein overordna vurdering av konsekvensane for oljeberedskapen. Ingen kjenner den samla effekten av endringane på stor ulykkesberedskapen som følge av eventuell flytting av sjukehus og politiet, meiner partiet.

Dei meiner at dei samfunnsmessige konsekvensane i samband med arbeidsplassar på sjukehusa må greiast ut og behandlast på ein like forsvarleg måte som retningslinjene om statsforvalting krev for dei øvre statlege arbeidsplassane.

– Alle punkt taler i seg sjølv for å utsette prosessen. Nå ventar vi på kva for ein argumentasjon helseministeren vil bruke for utsettinga, skriv dei.