Hopp til innhold

Meiner staten finansierer øydelegging av fiskefelt

Organisasjonen Fiskebåt reagerer kraftig på at Equinor ikkje tek omsyn til fiskarane når dei skal bygge verdas største vindkraftanlegg til havs.

Illustrasjon av Hywind Tampen-prosjektet

HYWIND TAMPEN: slik vil verdas største vindkraftanlegg til havs sjå ut.

Foto: Illustrasjon/Equinor

Vindkraftanlegget til havs skal forsyne oljeplattformene Gullfaks og Snorre med straum. Interesseorganisasjonen Fiskebåt reagerer kraftig på at utbyggaren Equinor vil øydelegge eit stort fiskerifelt.

– Vi er ikkje i mot vindkraftanlegg til havs, men Hywind Tampen kan øydelegge viktige fiskeriområde og det ønskjer vi ikkje, seier avdelingsleiar i Fiskebåt, Espen Jacobsen.

Vindkraftanlegget skal ligge på fiskefeltet Tampen i Nordsjøen.

– Vi har vore i dialog med Equinor, men opplever at dei ikkje følgjer våre anbefalingar, seier Jacobsen.

90 prosent av prosjektet ligg an til å bli finansiert av statlege midlar, blant anna med støtte frå Enova fordi dei bidreg til å redusere farlege klimagassutslepp.

– Det inneber at staten finansierer øydelegging av viktige og tradisjonelle fiskefelt, seier Jacobsen.

Arrogant oppførsel

Hywind Tampen kjem til å ta beslag på eit stort område i havet.

– Dette er eit utruleg viktig felt for oss, vi ligg her store delar av året. Om dei byggjer det slik som det er no, kan det få store økonomiske konsekvensar for oss, seier skipper for Håflu, Finn Alvestad.

Han opplever Equinor som arrogante når dei ikkje legg til rette for fiskarane.

Håflu fiskebåt

HÅFLU FISKEBÅT: Finn Alvestad er skipper på denne båten, og ligg store delar av tida si på fiskefeltet Tampen.

Foto: Tomas M. Alvestad

– Det er veldig arealkrevjande med eit slikt anlegg, fordi dei er festa med anker til havbotnen, då vil dei beslaglegge store område der vi ikkje kan fiske, seier Alvestad.

Mange vil utnytte havet, og Alvestad meiner ein bør ha ein betre dialog å respektere kvarandre.

– Dei sett vindturbinane midt opp i matfatet vårt, fiskeri er også eit satsingsområdet som ein bør ta omsyn til, seier Alvestad.

Les også:

Kan ikkje gjere alle til lags

Eit av forslaga frå Fiskebåt er at vindkraftanlegget blir vridd slik at ein plasserer den i retninga langs dybdekvotene.

Espen Jacobsen
Foto: Fiskebåt

– Dette vil ikkje skade fiskeriet i så stor grad, og det vil vere mogleg for både fiskebåtar og oljeindustrien og bruke området saman, seier Espen Jacobsen i Fiskebåt.

Den endringa vil ikkje Equinor gjennomføre.

– Det vil føre til at kostnaden for oss aukar, samt det vil kome i konflikt med eit anna olje- og gassfelt, så det lét seg ikkje gjennomføre, seier Haaland.

Equinor seier det har vore viktig for dei å minimere skadar for andre aktørar som også nyttar området.

– Det er ikkje mogleg å gjere alle til lags, og vi er også avhengig av å kunne ha vindkraftanlegget så nære plattformene som mogleg, seier kommunikasjonssjef i Equinor, Erik Haaland.