Hopp til innhold

Meiner sms-avsendaren må stå fram

– Den skuldige bør stå fram. Det er uhaldbart å ha ein situasjon med 10 mistenkte, seier Tove Henøen, fylkesleiar i Senterpartiet. Ho kommenterer utspelet frå tidlegare Sp-leiar Åslaug Haga, som i VG i kveld, ber partiet suspendere 1. nestleiar Ola Borten Moe og alle dei andre mannlege politikarane som var med på hytteturen der ei sexmelding blei sendt til Liv Signe Navarsete. Henøen vil ikkje seie verken ja eller nei til spørsmålet om ho støttar utspelet frå Haga, men seier saka er svært kinkig for partiet, og må takast på stort alvor. Tove Henøen reknar med at partileiinga no kjem til å involvere alle fylkesleiarane i den vidare prosessen.

Tove Henøen
Foto: Trond Vestre / NRK