Hopp til innhold

Vil at skeptikarane engasjerer seg i flyktningkrisa

Flyktningkrisa i Europa har i år kome nært på mange. Iselin Eliassen Aske (36) gløymer aldri møtet med krisa i Hellas, og håper at fleire vil søkje meir kunnskap om situasjonen i året som kjem.

Flyktningar på Lesvos

LESVOS: Inntrykka var mange og sterke i løpet av veka Iselin Eliassen Aske var på den greske øya og hjelpte til med flyktningar som kom over frå Tyrkia i overfylte gummibåtar.

Foto: Iselin Eliassen Aske

Midt i flyktningkrisa kasta Iselin Eliassen Aske seg inn i ny jobb som mottaksleiar. Ho kom rett frå skulebenken med friskt mot. Men det har ikkje vore berre enkelt.

2015 har for mange blitt året då flyktningkrisa kom inn i heimane til folk. Frå januar til 24. november i år har over 858.000 flyktningar og migrantar klart å krysse Middelhavet, ifølgje Den internasjonale organisasjonen for migrasjon (IOM).

Minst 3.548 menneske har omkomme eller forsvunne under forsøket på å nå Europa.

Det som gjorde mest inntrykk var då ein mann kom til meg og sa «eg er eit menneske, ikkje ku». Den sat så hardt - og det gjer det enda.

Iselin Eliassen Aske

Sterke inntrykk

Slike tal fekk Aske til å gjere noko. Noko meir enn å ta imot flyktningar i Norge. Ho bestemte seg for å bruke ferien sin i Lesvos. Den greske øya i Egeerhavet der sprekkfulle gummibåtar med små barn, fortvilte foreldre og utslitne ungdommar kjem kvar dag.

Iselin Eliassen Aske

I år starta Iselin Eliassen Aske (36) i ny jobb som dagleg leiar ved LINK sitt statlege asylmottak for mindreårige på Hareid.

Foto: Lena Høyberg / NRK

– Mitt 2015 har vore litt annleis enn vanleg. Ny jobb, nye utfordringar. Det har vore hektisk men lærerikt, seier Aske.

To gonger reiste ho til Hellas for å hjelpe. På førehand samla ho inn store mengder klede for å gi til dei som har måtta reist frå alt. Heimar og alt anna dei har hatt nærast.

Aske har sett krisa med eigne auge.

– Det som gjorde mest inntrykk var då ein mann kom til meg og sa «eg er eit menneske, ikkje ku». Den sat så hardt – og det gjer det enda.

– Mykje eg aldri gløymer

I jobben som mottaksleiar møter ho mange av dei som har flykta etter at dei har kome til Norge.

Store mengder klede er samla inn

Aske samla inn store mengder klede før ho reiste til Lesvos første gong.

Foto: Arne Flatin / NRK

– Å møte dei på vegen, i frykt og uvisse om framtida, er veldig ulikt. Det har vore nyttig for meg som mottakstilsett å oppleve det. Det er mykje eg aldri gløymer. Ting som har blitt sagt, ting eg har sett – båtar som eksploderer.

No før jul har roa senka seg for ho også. Men det betyr ikkje at ho ikkje har tankar og håp om korleis 2016 blir.

– Fleire må tørre å ta steget ut for å møte flyktningar.

Ho meiner at folk må basere det dei meiner på kunnskap og erfaring. Ikkje berre kjensler.

– Vi lev i eit land der vi har rett til å ytre våre meiningar. Eg er overbevist om at mange uttalar seg basert på kjensler. Mange av dei som ytrar mykje negativt mot innvandrarar no møter motstand, seier mottaksleiaren.

Det gir Aske eit inntrykk om at majoriteten av det norske folk er positive til å jobbe for ei sunn integrering.

– Men samtidig er det viktig at alle sine meiningar får kome fram utan å bli stempla som rasist. Det er lov å vere skeptisk, men det må vere basert på fakta.