Hopp til innhold

Meiner politiet overreagerte

Mannen i 40-åra som er sikta for promillekøyring og at han stakk frå politiet natt til 30. desember meiner politiet overreagerte då dei skaut mot han. Det seier advokat Roy Peder Kulblik til NRK. På bakgrunn av reaksjonen har klienten meldt saka. – Han meiner særleg det at det vart losna ei rekkje skot mot han og ikkje bilen i seg sjølv var grovt, seier advokaten. Spesialeininga for politisaker har bestemt seg for å sjå på saka, og det er mannen i 40-åra nøgd med.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL