Hopp til innhold

Meiner passasjerteljinga er god nok

Fjord1 MRF avviser kritikken frå Hovudredningssentralen for Sør-Noreg om at ferjeselskapa ikkje har god nok oversikt over passasjertalet på ferjer og hurtigbåtar.

Fjord1 MRF-direktør Anker Grøvdal
Foto: Gunnar Sandvik/NRK Møre og Romsdal

Fjord1 MRF-direktør Anker Grøvdal seier dei tel passasjerane og får oversikt på ein akseptabel måte:

- Vi har eit system som er godkjent av Sjøfartsdirektoratet og er i samsvar med dei forskriftene som Sjøfartsdirektoratet har fastsett for teljing passasjerar.

 

 

Oversikt både på land og til sjøs

- Men er det eit system som sikrar at de tel nøyaktig?

- Ja, vi har egne folk som tel kvar enkelt passasjer som går ombord og dei som sit i bilane. Vi meiner systemet er godt nok,for dei krava Sjøfartsdirektoratet stiller.

- Korleis veit de at alle er registrert?

- Det er slik at når teljinga er ferdig så blir tala putta i ei postkasse på ferjekaia, og vidare rapportert opp til ferjeskipperen. Slik at det oversikt både på ferja og på land.

Avviser kritikk

Grøvdal er ikkje einig med Hovudredningssentralen sin kritikk av teljinga. Systemet er ikkje perfekt, men solid og godt nok meiner Grøvdal:

- Teljinga skjer i stor fart, og det er klart at det kan også glippe for oss. Men, som hovudregel er det eit godt system og om ein skal vurdere det så ert det eit akseptabelt system.