NRK Meny
Normal

Meiner mange ulukker kunne vore unngått

Forsikringsselskapet Møretrygd meiner at betre kvalifiserte båtførarar kan føre til færre skader og ulukker til sjøs.

Erling Kløvning

Erling Kløvning i Møretrygd meiner fleire ulukker til sjøs kunne vore ungått dersom fleire båtførarar hadde meir kunnskap.

Foto: Silje Bjerknes / NRK

– Denne stonga her er raud og svart, så den kan du køyre forbi på begge sider.

Erling Kløvning står om bord i ein båt i Steinvågsundet i Ålesund og peiker mot ein av dei mange sjømerka som er plassert der.

Han er havarisjef i Møretrygd og meiner at mange skader og ulukker til sjøs kunne vore unngått dersom fleire tok båtførarprøven.

– Det er viktig at båtførarane har den nødvendige kompetansen for å ferdast trygt på sjøen. Vi ser at mange av skadene til sjøs skjer fordi kunnskapen er fråverande, seier han.

Gir auka tryggleik

Kvart år skjer det drukningsulukker og skader i samband med ferdsel på sjøen. Kløvning meiner båtførarprøven gir ei auka forståing for sikkerheit til sjøs.

– Det er kort veg mellom suksess og fiasko. Som båtførarar har du ansvar både for båten og dei som er om bord i den. Båtførarprøven dekker redningsutstyr og kontroll av utstyret, nødfrekvensar, korleis ein skal kome i kontakt med folk, vedlikehald av båt og sjømerke. Det å ta båtlappen gir ein betre tryggleikskjensle, meiner han.

Erling Kløvning og Mats Aknessæther

Erling Kløvning og Mats Aksnessæther.

Foto: Silje Bjerknes / NRK

Det er fleire som tek båtførarprøva no enn tidlegare, men enno er det mange som droppar å ta den. Det gjeld spesielt dei som er fødd før 1980, og som ikkje er pålagt å ta den. For å prøve å få fleire til å ta båtførarprøven spandere Møretrygd båtførarprøven på sine kundar i sommar.

– Mange av dei som har vakse opp på kysten har god kompetanse om båtar og båtliv. Likevel må ein ha lappen om ein skal køyre scooter på land. Det same gjeld på sjøen, seier Kløvning.

Han meiner det er inga unnskyldning å ikkje ta prøven.

– Nokon trur kanskje at det er vanskeleg, men ein kan lese seg opp på nett og ta ulike testar. Greier du det ikkje, så er det berre å lese litt til.

Lærerikt

16 år gamle Mats Aksnessæther er ein av dei som held på å ta båtførarprøven.

Mats Aknessæther

16 år gamle Mats Aksnessæther held på å ta båtførerprøven.

Foto: Silje Bjerknes / NRk

– For det første er det obligatorisk om eg vil køyre ein båt med over 22 hestekrefter og som er over åtte meter. I tillegg synest eg det er greitt å lære litt meir om sjøen, seier han.

Aksnessæther fortel at han har lært mykje om sikkerheit til sjøs, som han ikkje visste før han starta å lese til prøva.

– Eg har mellom anna lært om sjømerke, kartlesing og korleis ein skal handtere ulukker.

No håper han å få båtførarprøva til sommaren.

–​ Eg tek alt på nettet. Der er det både informasjon og testar som eg kan ta og så tenker eg å melde meg opp til prøva når eg er klar for det, seier han.