Hopp til innhold

Meiner lærlingar må søke seg til utkantane

Institusjonar og bedrifter i ytre strøk slit med å få tak i nok lærlingar. Samstundes manglar i overkant av 500 personar framleis lærlingplass.

Lærlinger, helsefag

Lærlingar innan helsefag er mangelvare fleire stadar.

Foto: Nyhetsspiller

Ved opplæringskontoret for Søre Sunnmøre håper Anne Marie Pilskog at fleire vil søkje seg til Herøy.

– Om vi tenkjer på vår region så er det ingen søkjarar mellom anna frå Herøy VGS. Så det kan hende vi har marknadsført oss lite. Eller kanskje dei føler seg for unge til å flytte på seg, seier ho.

Ved opplæringskontoret for tekniske fag i Nordmøre og Romsdal fortel også bedrifter i Halsa og Aure at der er utfordringar med å få tak i nok lærlingar.

Tømrer

I tømraryrket slit bedrifter med å få tak i nok lærlingar.

Foto: Kjell Herskedal / Scanpix

Vil til byane

Å få lærlingar til utkantar er særleg eit problem innan helsefag, barne- og ungdomsarbeid og i tømrarfaget.

Lærlingane vil nemleg bu og vere lærlingar i byane og i dei større tettstadane.

Samstundes som det manglar lærlingar i ytre strøk, blir det jobba hardt med å skaffe lærlingplassar til dei over 500 som framleis ikkje har fått plass.

– Det er ikkje alle som kan vere i byane og i dei tettbygde strøka, kanskje nokon må ut for å få nettopp det fagbrevet dei ønskjer seg, seier Venke Sandvik.

– Minst like gode lærlingplassar

Sandvik er konsulent ved utdanningsavdelinga i Fylkeskommunen, og ho håper flest mogleg skal få lærlingplass. Men då kan ikkje absolutt alle by i byane ...

– Eg er heilt sikker på at det er minst like gode lærlingplassar ute i distrikta, seier ho.

Pilskog ved opplæringskontoret for Søre Sunnmøre ønskjer i alle fall lærlingar velkomen til mellom anna Herøy.

– Her er ledige plassar, og det er ein flott stad å bu. Og oppfølginga er svært god, så det er absolutt verdt å prøve, avsluttar ho.