NRK Meny
Normal

Meiner kommunane har betre styring

Trass tøffe tider har mange kommunar blitt flinkare til å styre økonomien, meiner assisterande fylkesmann Rigmor Brøste. Ho håper å «friskmelde» fleire ROBEK-kommunar før sommaren.

Rigmor Brøste

Assisterande fylkesmann Rigmor Brøste.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Mange kommunar har fått kjenne på trongare økonomiske tider. I Møre og Romsdal er åtte av dei på den såkalla ROBEK-lista, som inneber at dei er under økonomisk administrasjon av fylkesmannen og må ha godkjenning for å ta opp nye lån. Likevel meiner Brøste mange kommunar har fått betre grep om pengane.

Ja, mange kommunar har blitt flinkare, men det er framleis mange kommunar som har det stramt, seier ho.

Lodve Solholm og Rigmor Brøste

Fylkesmann Lodve Solholm og assisterande fylkesmann Rigmor Brøste.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Brøste viser til at kommunane i Møre og Romsdal har 15 prosent høgare låneopptak enn landsgjennomsnittet.

– Det handlar ikkje om at kommunane her driv dårlegare enn elles i landet, men at mange av dei har spreidd busetnad og ulike geografiske utfordringar. Og så har fleire hatt høgt investeringsnivå, særleg i skulesektoren.

– No er det stadig fleire som innfører eigedomsskatt, er det fordi dei må?

– Ja, det er nok det. Ved inngangen til 2014 var det 19 kommunar i fylket som hadde eigedomsskatt, no er det 23 og vi veit at det er fleire som har gjort vedtak om å innføre.

Trur på «friskmelding» for tre kommunar

I dag er kommunane Fræna, Ålesund, Hareid, Stranda, Sykkylven, Gjemnes, Volda og Ørsta på lista over kommunar under økonomisk administrasjon. Brøste trur dei tre siste kan vere på veg ut av uføret.

– Vi har eit håp om å melde ut tre kommunar før sommaren, seier ho.

Ho har merka seg at kommunane jobbar hardt for å få orden på økonomien.

– Eg er imponert over dei grepa desse kommunane tar no, det blir jobba bra og dei skjønar at det gjeld å styre stramt.