Hopp til innhold

Meiner Giske må gå

Fylkesleiar for kvinnenettverket i Arbeidarpartiet i Møre og Romsdal, Eva Hove, meiner Trond Giske ikkje lenger kan vere nestleiar i partiet. Hove som også er ordførar i Stordal, legg vekt på varsla som kom før jul og som har kome i romjula. Ho viser til at Giske i Dagsrevyen før jul, sa seg lei for at han hadde oppført seg på ein måte som enkeltmenneske har opplevd som upassande eller ubehageleg. Med det har han vedgått uheldig oppførsel, meiner Hove.
Sentralstyret i Arbeidarpartiet drøftar varslingane mot Giske klokka 13 i dag, og Hove meiner Giske ikkje lenger har den tilliten som er naudsynt for ein nestleiar i partiet.

Eva Hove
Foto: Trond Vestre / NRK