Hopp til innhold

- Bygg gasskraftverk - unngå master

Fagforbundet Industri Energi meiner bygging av gasskraftverk må til for å unngå nye kraftlinjer i Hardanger og frå Sogn til Sunnmøre.

Industrikraft Møre planlegg dette gasskraftverket i Elnesvågen i Fræna.

Industrikraft Møre planlegg dette gasskraftverket i Elnesvågen i Fræna.

Foto: Illustrasjon: Industrikraft Møre AS

Fagforbundet Industri Energi ber regjeringa om grønt lys for bygging av gasskraftverk utan Co2-reinsing i Elnesvågen i Fræna.

- På høg tid

Hogne Hongset i fagforbundet Industri Energi.

Hogne Hongset i fagforbundet Industri Energi.

Foto: Arild Theimann

Dei meiner dette er beste løysinga for å unngå kraftliner i Hardanger og mellom Ørskog på Sunnmøre og Fardal i Sogn.

Hogne Hongset er spesialrådgjevar i Industri Energi, og han meiner Industrikraft Møre burde fått bygge gasskraftverk utan reinsing for lenge sidan.

– Det å sende energi fra Sogn til Møre, har som konsekvens at den krafta ikkje kan sendast til Austlandet. Dermed må Austlandet hente kolkraft frå Danmark og Polen i staden for.

Vil ikkje reinse frå første dag

Industri Energi vil at regjeringa skal gå vekk frå kravet om CO2-rensing frå første dag.

- Det rare er at den regionen som har den høgste kraftprisen, der store delar av industrien kan risikere å bli slått ut fordi mangel på kraft gir kraftprisar nesten ingen kan leve med, der får ingen bygge gasskraft. Men dei får lov i sør, der kraftkrisa ikkje er på langt nær så ille som i Midt-Noreg, seier spesialrådgjevar Hogne Hongset i Industri Energi.

Møter ministeren

Hogne Hongset og Industri Energi møtte miljøvernminister Erik Solheim i dag. Ifølgje Hongset lova miljøvernministeren å sjå på kravet om gasskraft uten reinsing på nytt.

– Dei norske utsleppa går då sjølvsagt noko opp, men dei Europeiske vil gå meir ned.

– Eg trur ikkje St. Peter har noko eige teljeverk for verken Midt-Noreg eller Noreg isolert sett.