Hopp til innhold

Meiner fiskeslam går til spille

Fiskeslam, med sitt store innhald av fosfor, blir trekt fram som ein viktig ressurs.

Forsker Ingvar Kvande i Energiregion Møre innfelt med fiskeavfall

FISKEAVFALL: Forskar Ingvar Kvande i Energiregion Møre og NIBIO er ein av dei som vil utnytte meir av fiskeslam.

Foto: Gunnar Sandvik / FYLKESMANNEN I HORDALAND / NRK

Enorme mengder forureinande fiskeslam frå havbruk kan bli gjenvunne og nyttast til biogjødsel i landbruket. På eit seminar om biogass i Molde i går blei slammet trekt fram som ein viktig ressurs.

Forskar Ingvard Kvande i Energiregion Møre meiner det kan brukast både til biogass og gjødsel.

– 9000 tonn fosfor, som det er mangel på, går rett på havet og må bli gjenvunne til landjorda, seier forskaren.

Slik det er i dag går det meste rett på sjøen, men planar for gjenvinning er i gang.

– I og med at vi har knappe fosforressursar bør vi sjå på korleis vi kan få det til landjorda.

Vil utnytte slammet

Forskaren fortel at krava til settefiskanlegga blir strengare. Og i framtida kan også lukka oppdrettsanlegg bli verkeleg.

– Det betyr at vi veg på veg til å få samla opp slammet og til å finne ein måte å utnytte denne ressursen.

Vi ser for oss eit biogassanlegg som skal dekke heile Møre og Romsdal.

Lars Fugledal, Årim

Bioforskingsmiljøet på Tingvoll er pionerar, og Kvande seier dei har fått verdifulle erfaringar med å utnytte matavfall på bioenergisenteret.

– Blant anna det anlegget vi har vore med og drive på Tingvoll, som går på storfegjødsel og fiskesåpe, har vi fått mange erfaringar. Ein må ta i eit tak på fleire område, men det er mogleg, seier han.

Vil ha biogassanlegg

Lars Fugledal

Lars Fugledal, ansvarleg for slam og kvalitet i Årim, håper at kraftprodusentane i fylket vil vise interesse for å starte eit biogassanlegg.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Teknologien utviklar seg, og fleire viser interesse for å gjere verdi av matavfall. Miljøselskapet Årim er stort i fylket med ansvar for gjenvinning av avfall og slam i 12 kommunar med 100 000 innbyggarar. Men dei er likevel ikkje store nok til å kunne satse aleine på eit større biogassanlegg.

– Vi ser for oss eit anlegg som skal dekke heile Møre og Romsdal som gjer at vi kan utnytte biorest, gass og alt anna som ligg rundt og så få god økonomi i det, seier ansvarleg for slam og kvalitet i Årim, Lars Fugledal.

Men dei sjølve er ikkje interesserte i å drive anlegget.

– Vi er ikkje store nok til å drive eit slikt anlegg, men vi ønskjer å vere med på arbeidet, seier Fugledal.

Petter Bjørdal, dagleg leiar i VØR

Dagleg leiar i VØR, Petter Bjørdal, er redd for at produksjon av biogass vil skape konflikt med naboar på grunn av lukt.

Foto: Arne Flatin / NRK

Redd for lukt

Ein mindre aktør, som vil prøve seg, i alle fall med eit forprosjekt, er Volda og Ørsta reinhaldsverk (VØR). Dagleg leiar Petter Bjørdal uttrykker ein viss skepsis.

– Eg har ein sunn skepsis. Andre har hatt blanda erfaringar. Vi ønskjer ikkje å etablere noko hos oss som er konfliktfylt og som ikkje kan garantere ei luktfri framtid, seier han.