Hopp til innhold

– Ferjemannskapet handla rett

Politiet meiner ferjemannskapet handla korrekt, då dei let ein rusa bilist køyre av ferja mellom Sølsnes og Åfarnes i helga.

Promillekøyrar stansa med makt

Bilen blei stoppa i Åndalsnes sentrum like etter ei rundkøyring.

Foto: Lars Smisethjell / Åndalsnes Avis

Mannskapet har ikkje mynde til å halde att personar på ferja utan at dei har fått instruks om dette frå politiet.

At slik instruks ikkje blei gitt, blir grunngitt med avstanden politiet hadde til ferjekaia på Åfarnes.

Det er berre politiet som har tilgang til å tvangsmessig halde personar tilbake. Derfor kunne dei ikkje halde tilbake personen på eiga hand, seier politiadvokat Lina Ersvik Pettersen.

Det var laurdag at politiet fekk melding om at ein rusa førar la ut på køyretur frå Molde. Politiet leita etter bilen, men fann den ikkje, før dei fekk melding frå ferja som går mellom Sølsnes og Åfarnes.

Den rusa mannen i 60-åra vart stansa av politiet på Åndalsnes. Til alt hell blei ingen skadd.

Pettersen forstår at folk reagerer på at han fekk køyre så langt, men står fast på at folk ikkje skal ta loven i eigne hender.

– Det har med sikkerheit å gjere. Dersom det er ein person ein ikkje kjenner, så veit ein heller ikkje korleis personen vil reagere, seier ho.