NRK Meny

Meiner det var rett å selje Fjord1

Då Møre og Romsdal fylkeskommune selde seg ut av Fjord1 i 2011 var det etter ein lang diskusjon. No er fylkesordføraren overtydd om at det var rett å selje.

M/F Svanøy

Møre og Romsdal fylkeskommune selde seg ut av Fjord1 i 2011. No skal politikarane i Sogn og Fjordane vurdere om dei skal gjere det same.

Foto: Rolf M. Sørensen / Fjord1

Artikkelen er mer enn to år gammel.

Skal du reise gjennom Vestlandet kjem du ikkje langt utan ei ferje. Difor har det også vore viktig å eige selskapa som driv desse ferjene. Men for tre år sidan vedtok altså fylkespolitikarane i Møre og Romsdal å selje seg ut av ferjeselskapet Fjord1.

No er det politikarane i Sogn og Fjordane som skal bestemme seg for om dei vil følgje eksempelet frå nabofylket i nord. Også dei har behov for meir pengar til å finansiere ulike oppgåver. Spørsmålet er om løysinga ligg i eit sal av Fjord1.

Meiner det var rett å selje

Jon Aasen

Fylkesordførar i Møre og Romsdal, jon Aasen, stemte i mot sal av Fjord1 i 2011. No er han overtydd om at det var rett å selje.

Foto: Trond Vestre

I 2011 var fylkesordførar Jon Aasen (Ap) ein av skeptikarane til forslaget om sal. Men i dag er han overtydd om at dei valde rett.

–Ja, når fasiten no ligg på bordet, så er det klart at det var rett, seier Aasen til NRK.

Aasen seier dei vurderte det slik at det var vanskeleg å eige eit ferjeselskap samstundes som dei la ut ferjestrekningar på anbod.

Har truleg lågare verdi

Problemet for politikarane i Sogn og Fjordane er at selskapet no kan vere verd langt mindre enn det var for tre år sidan.

Dei siste åra har selskapet tapt ei rekkje anbod på båt- og ferjeruter, og professor i transportøkonomi Gisle Solvoll har tidlegare uttalt til NRK at selskapet difor kan ha lågare verdi enn før. Eit sal no vil dermed kunne gi langt lågare verdi enn for tre år sidan.

–Burde fylkespolitikarane i Sogn og Fjordane selt den gongen?

–Det slit eg med å svare ja eller nei til. Dersom dei hadde brukt same argumentasjon som vi, så er svaret ja, seier Aasen.

Har forståing for at dei ikkje selde

Han har likevel forståing for at dei valde annleis, og viser til at Sogn og Fjordane sin aksjepost var langt større enn den Møre og Romsdal eigde.

–Eg tur nok at dei håpte at dette skulle gi eit løft med fleire arbeidsplassar i Florø og eit løft for fylket, og så har det kanskje ikkje gått slik, seier Aasen.

Siste video/lyd

Mange geitebønder i landet vil ha den elektriske geiteklaven til Gjemnesbedrifta Nofence. Produksjonen pågår for fullt, men geiteklaven er enno ikkje godkjend. Gründerbedrifta treng beitesesongen 2017 for å gi Mattilsynet dokumentasjonen dei krev.
Dei fleste har meir enn nok med å SJÅ utfor kanten på den hundre meter høge Zakariasdammen i Tafjorden på Sunnmøre.
Men det finst folk som vil betale for å få seg ein luftig tur. Og frå neste veke av kan dei gjere akkurat dét...
Fiskesperra som skal redde den nasjonale lakseelva Driva, blir slakta av ekspertar på behandling av gyrosmitte. Miljødirektoratet er ansvarleg for prosjektet til seksti millionar kroner. Dei meiner det trengst berre små justeringar.