Hopp til innhold

Meiner det bør bli færre reiarlag

Konsernsjef i Farstad Shipping meiner det er på tide med færre offshorereiarlag. Men kva det vil ha å seie for Farstad Shipping vil han ikkje seie så mykje om.

Karl Johan Bakken

Konsernsjef i Farstad, Karl-Johan Bakken, meiner det er på tide med færre offshorereiarlag.

Foto: Frode Berg / NRK

I dag presenterte Farstad Shipping resultatet for andre kvartal og halvårsresultatet i Rederiforbundet sine lokale i Oslo. Selskapet i Ålesund har store tap i første halvår og resultatet før skatt er på minus 867 millionar kroner.

Konsernsjef Karl-Johan Bakken meiner det no er behov for ei endring i den maritime næringa.

– Vi har alltid peikt på at det er nødvendig å ha handlekraft innanfor den næringa som vi er ein del av. Dersom eit selskap skal vere levedyktig i ein marknad som ser ut til å bli meir utfordrande, så må vi sørge for å ha storleik, tyngde og handlekraft nok til å ta også smertelege avgjerder, seier han.

– Kan ein risikere at Farstad blir styrt frå andre stader i landet?

– Det verken vil eller ønskjer eg å spekulere i. Eg held meg til det som er fakta no, seier Bakken.

Prøver å finne ei løysing

Han fortel vidare at dei no jobbar med å finne løysingar for selskapet. Sal av skip og restrukturering er blant tiltaka.

Farstad legg fram kvartalsrapport

Farstad Shipping la fram resultat for første halvår i Rederiforbundets lokale i Oslo.

Foto: Frode Berg / NRK

– Vi jobbar aktivt for å finne alternative finansielle investorar som passar oss, slik at den løysinga som kjem blir tenleg for alle aksjonærane, seier Bakken.

Han meiner at ein kan rekne med eit sterkt Farstad Shipping også i framtida.

– Når ein ser på regionen vår og den kompetansen som ligg her, så er det noko av det viktigaste selskapet rår over. Alle som har relasjonar til selskapet, både i dag og tida framover, vil måtte sjå og ta vare på. Det som er interessant framover er evna til å drive butikk og utvikle aktivitet i havrommet og tilføre profitabel aktivitet.

Færre reiarlag

Bakken meiner det mellom anna må bli færre reiarlag.

– Vi er inne i ei periode der ting har endra seg, og truleg vil halde fram med det. I tillegg er økonomien i næringa slik at ein bør prøve å finne nye og betre løysingar på dei utfordringane ein møter, seier han.

Bakken meiner at å slå saman eller å foreine reiarlag vil kunne skape industrielle og finansielle konstellasjonar som kan bli betre enn dei som har vore.

– I det store og internasjonale biletet, så er næringa vår prega av for mange og små aktørar. Dermed greier ein ikkje å få til ei utvikling som ein er tent med totalt sett, seier han.