Hopp til innhold

Vitne: – Det verka som han hadde hastverk

SUNNMØRE TINGRETT (NRK): To norske bussjåførar som møtte den ukrainske bussen før dødsulykka i Valldal reagerte kraftig på køyringa til den tiltalte bussjåføren.

Sunnmøre tingrett

To bussjåførar som møtte den ukrainske bussen før ulykka i Valldal meinte bussjåføren køyrde både for fort og midt på vegen.

Foto: Silje Bjerknes / NRK

Det forklarte han då han vitna i Sunnmøre tingrett i dag.

Den norske bussjåføren var på veg opp Trollstigen då han møtte den ukrainske bussen som var på veg ned. Han meinte at den ukrainske bussjåføren, som er tiltalt for uforsiktig køyring og aktlaust drap, ikkje køyrde etter forholda som var på staden.

– Han køyrde både fort og midt på vegen. Eg måtte stoppe nesten heilt opp for at bussen kunne passere, forklarte mannen.

Den norske bussjåføren køyrde turistar frå Geiranger til Trollstigen saman med tre andre bussar. Han forklarte at køyringa til den ukrainske sjåføren blei eit samtaleemne blant sjåførane då dei kom til toppen av Trollstigen, og at fleire av dei hadde reagert på køyrestilen hans.

– Det verka som han hadde frykteleg dårleg tid. Medan vi sat å snakka om det kom plutseleg naudetatane forbi, det var veldig spesielt, forklarte mannen.

Sikker på at det var den ukrainske bussen han møtte

Den norske bussjåføren beskriv seg sjølv som ein erfaren sjåfør som har køyrd mykje på smale vegar. Han forklarte at han møtte den ukrainske bussen på ei oversiktleg flate, og meinte at sjåføren hadde ein køyrestil som ikkje passa seg på ein så smal veg som vegen til Trollstigen er.

Magnus Engh Juel

Magnus Engh Juel er aktor i saka.

Foto: Silje Bjerknes / NRK

– Ein av dei andre bussane måtte legge seg heilt ut og måtte rygge ut av grøfta etter passeringa. Den ukrainske bussen hadde minst 30 cm på si side, forklarte mannen.

På spørsmål frå aktor om korleis mannen kunne vere sikker på at det var den ukrainske bussen han hadde møtt på vegen opp Trollstigen, svarte mannen følgjande.

– Eg er 100 % sikker på at det var den bussen. Som yrkessjåfør la eg merke til køyrestilen hans. I tillegg har eg har sett bilda av bussen i ettertid og kjende han igjen. Vi møtte heller ikkje vi så mange bussar den dagen, sa han.

– Mest traumatiske eg har opplevd

Ein av dei andre bussjåførane som var i det same følgjet vitna også i retten i dag.

Bussulykke Vallda

Fleire personar blei skadd og ein mann omkom som følgje av ulykka i Valldal.

Foto: Svein Ove Ekornesvaag, Ekornesvåg, Svein Ove / NTB scanpix

– Møte med bussen var noko av det mest traumatiske og verste eg har opplevd i løpet av mine rundt 40 år som sjåfør. Hadde ikkje eg trykt på bremsa hadde vi kollidert front-i-front, sa mannen.

Han meinte at den ukrainske bussjåføren hadde køyrd uforsvarleg med tanke på forholda.

– Bussen køyrde alt for fort. Hadde eg vore litt lenger framme hadde eg fått bussen i fronten. Både eg og passasjeren skvatt oss og eg måtte bruke eit minutt på å roe meg før eg kunne køyre vidare, sa sjåføren.

Avviser påstandane

Den ukrainske bussjåføren fekk også lov til å kome med ein kommentar. Han avviser påstandane frå dei norske bussjåførane. Han forklarte at han tydeleg huska situasjonen som den andre norske bussjåføren skildra, men at det ikkje var langt nær så dramatisk som han sa.

– Eg nektar ikkje for at eg køyrde litt fortare før eg møtte bussen, men då eg såg den slakka eg ned. Han køyrde ut til sida og eg såg han hadde god plass på si høgre side. Det var ei roleg passering og eg køyrde i ca. 5–10 km/t då eg passerte, sa han.

Den ukrainske bussjåføren meiner blant anna at ferdsskrivaren i bussen kan støtte hans versjon av saka.