Hopp til innhold

Meiner bota er for høg

Selskapet Kulturcompagniet vedgjekk i Nordmøre tingrett i dag straffskuld for arbeidet på den freda Tingvoll kyrkje. Selskapet brukte betongslipar under arbeidet, noko som gjorde skade på kyrkja frå 1100-talet. Styreleiar Bård Strømgren meiner likevel at bota dei har fått frå Økokrim på 500 000 kroner er alt for høg, og det er difor saka har hamna i retten.

Tingvoll kyrkje
Foto: Eirik Haukenes / NRK