– Bonusordninga er belastande

Bonusordninga i politiet er ikkje bonus, og ordninga er ei belastning, meiner politimeister Steven Hasseldal. Både han og politimeister Arnstein Nilssen vil over på tariff snarast råd.

Steven Hasseldal

Steven Hasseldal, politimeister i Sunnmøre politidistrikt, meiner dagens lønsordning fungerer spesielt dårleg då politidirektøren ikkje har nødvendige fullmakter.

Foto: Bernt Baltzersen / NRK

Bonusordninga til politimeistrane i Noreg har blitt fyldig omtalt det siste året. I 2013 skal politidirektoratet revurdere ordninga.

Då bør det bli tariff, meiner politimeister Steven Hasseldal.

– Leiarlønsordninga, som den heiter, fungerer rett og slett ikkje etter intensjonen. Ordninga kom fordi ein ønskja løn og resultat kopla saman, men det er slik at politidirektøren ikkje har dei nødvendige fullmaktene til å gi desse tillegga.

Hasseldal er politimeister i Sunnmøre politidistrikt. Han meiner ordninga kanskje kunne fungert om politidirektøren styrte dei såkalla bonusane.

– Det har blitt gjeve tillegg, men alle gongene er det på bakgrunn av størrelse på politidistrikt.

– I tillegg til å ikkje fungere som meint, så har ordninga gjeve oss ei svært dårleg lønsutvikling, meiner Hasseldal.

Får bonuskritikk

For forskjellane, samanlikna med tariffordninga som politimeistrane vil over til, er der.

– Det er slik at ein kjem vesentleg dårlegare ut med leiarlønsordning kontra ein tariffavtale.

Hasseldal meiner i tillegg at bonusordninga er lastande.

– Ein får «bonus» sjølv med kanskje dårlege resultat. Og då blir vi fort kritiserte, sjølv om bonussystemet berre er innbakt i den vanlege løna.

– Å i heile tatt kalle det bonus er berre tull, for å seie det rett ut, meiner politimeisteren.

Politimester Arnstein Nilssen

Arnstein Nilssen framhevar manglande rettar i dagens ordning som ein grunn til å gå over til tariff.

Foto: Gunnar Sandvik/NRK

– Mistar rettar som andre har

I Nordmøre og Romsdal politidistrikt er Arnstein Nilssen klinkeklar på at ein bør gå over til tariff. Han framhevar manglande rettar.

– Eg er så lei av bonuspratet. På leiarlønskontrakt mistar vi rettar som andre har etter ein viss alder. Etter 62 år, for eksempel, så får ikkje dei på leiarlønskontrakt ekstra fridagar.

Han peiker òg på at «bonusen» ikkje i det heile er prestasjonstinga.

– Ein fast sum blir lagt, det same kvar månad, seier den svært rutinerte politimeisteren.

– Bonusen har heller ikkje endra seg mykje i åra eg har vore politimeister, og det har eg vore i nokre år no. Den har nok auka litt, men vi skulle ønskje at bonusen ikkje var ein del av dagens løn.

Nilssen seier ordninga har «blitt tredd nedover oss, utan at vi ønskjer det».

Jon Steven Hasseldal

Steven Hasseldal meiner å kunne forhandle om lønn burde vere ein grunnleggjande rett.

Foto: Jannicke Susann Farstad / NRK

Vil ha innverknad på løna

Nilssen peikar òg på manglande innverknad i lønsforhandlingar.

– Vi har ingen innverknad på vår eiga løn. Vi avgjer ikkje noko som helst med omsyn til løn, og slik er det og ferdig med det. Ingen forhandlingar, slår Nilssen fast.

Håpet er no at ordninga blir forandra.

– Vi vi sjølvsagt kunne påverka vår eiga løn, slik som er vanleg i både staten og elles i arbeidslivet, seier Nilssen.

– Å kunne forhandle om løn er ein grunnleggjande rett ein bør ha. I så måte er det svært viktig for oss å kome tilbake til tariffordninga, fortel Hasseldal.

– Bonus hadde nok vore meir forståeleg

I teorien skal altså dagens bonusordning vere prestasjonsbasert. I praksis er det ikkje slik.

– Bonusordninga kunne vore på sin plass om den hadde vore som tenkt.

– For ei bonusordning er nok meir forståeleg for folk flest. Dersom bonusen faktisk var knytt opp mot prestasjonar, seier Arnstein Nilssen.

No håper altså både Hasseldal, Nilssen og dei fleste av dei resterande politimeistrane på forandring.

– Men det er vanskeleg å seie om forandringa kjem. Det skjer mykje i politiet framover. Vi ventar på ei resultatreform og det kan bli samanslåing av politidistrikt. Det er mykje som kan få innverknad på løna til den enkelte politileiar, avsluttar Nilssen.

Siste video/lyd

Dei tre siste åra har meir enn 450 alvorleg psykisk sjuke kome seg inn i arbeidslivet.
Dette skjer etter eit aktivt samarbeid mellom NAV og helsevesenet.
Ein ny forskingsrapport viser at pasientane blir friskare av å jobbe.
Ein rakett er kanskje det som skal til for å gjere skuleelevar interesserte i naturfag. 
Elevar på Gjermundnes i Vestnes har utvikla ein rakett som skal få barn og unge til å bli i fyr og flamme.
Nokre som er glade i å boltre seg på kjøkenet er elevane ved Borgund vidaregåande i Ålesund. Dei elskar å bake - og å smake.