Hopp til innhold

–Helsepersonell bør bruke tid til å pleie pasientane

Sjukeheimar rundt om i landet har lagt ned kjøkkena og helsepersonell får ansvar for å varme ferdiglaga mat. – Mange føler at dei skal vere vaktmeistrar, mattillagarar og reinhaldarar, seier fylkesleiar i Norsk sjukepleiarforbund

Phathira Sonthisawat ordnar middag ved Hatlane omsorgssenter

Phathira Sonthisawat er helsefagarbeidar og har kjøkkenansvar på kveldsvakta si. Ho varmar opp ferdiglaga middag og serverer på fat.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Ved Hatlane omsorgssenter i Ålesund nærmar det seg middagstid. Baconkaker, poteter, grønsaker og saus ligg i vakuumerte posar i dampomnen utan å sleppe ut eit snev av matlukt. På denne sjukeheimen finst det ingen kokkar, for den seks år gamle institusjonen vart bygt utan produksjonskjøkken. Middagen kjem frå det kommunale sentralkjøkkenet, med ein instruks om kor lenge kvar av delane skal varmast. Det er sjeldan pleiarane har tid til å fylgje denne oppskrifta.

– Vi rekk ikkje å ta unna alt dersom vi skal passe tida. Det har også hendt at vi er så stressa at vi gløymer å varme middagen, seier omsorgsarbeidar Solgunn Heggem.

Fjernar kjøkkenkompetanse

Arnt Steffensen

Arnt Steffensen er leiar i Kost- og ernæringsforbundet. Han likar ikkje at kjøkkenfagleg kompetanse forsvinn frå sjukeheimane.

Foto: Charlotte Oliversen / NRK

Over heile landet har institusjonskjøkken blitt lagt ned og erstatta av sentraliserte kjøkken.

– Dette blir gjort for å spare pengar. I praksis fjernar politikarane all kjøkkenkompetansen på institusjonane og lempar ansvaret over på pleiarane, seier Arnt Steffensen. Han er leiar i Kost- og ernæringsforbundet.

Å varme posar med mat høyrest enkelt ut, men Steffensen seier at det å ha ansvar for mat på ein institusjon inneber mykje arbeid. Fisk og grønsaker skal til dømes ikkje varmast like lenge som potetene. I tillegg til å varme middag, skal pleiarane også lage frukost, mellommåltid og kveldsmat. Steffensen fryktar at det går utover dei eldre, når pleiarar med altfor mange oppgåver, også skal lage til maten.

Ståle Evald Ræstad

Ståle Evald Ræstad er fylkesleiar i Norsk sjukepleiarforbund i Møre og Romsdal.

Foto: Norsk sykepleierforbund

Helsepersonell skal gjere alt

Fylkesleiaren i Norsk Sjukepleiarforbund, Ståle Evald Ræstad, forstår bekymringa.

– Tendensen dei siste åra er at sjukepleiarar, hjelpepleiarar og assistentar skal gjere absolutt alt. Mange føler at dei både skal vere vaktmeistrar, mattillagarar og reinhaldarar, seier Ræstad. Han ynskjer at helsepersonell skal bruke tida si til å pleie pasientane.

– Det er det dei er utdanna til, så kan andre som er spesialisert på kost og ernæring, ta seg av maten, seier Ræstad.

Phathira Sonthisawat og Solgunn Heggem ved Hatlane omsorgssenter

På lista står det kor lenge dei ulike delane til middagen skal varmast, men Phathira Sonthisawat og Solgunn Heggem har sjeldan tid til å fylgje desse instruksane.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Underernæring

Eldreminister Åse Michaelsen seier at fokuset på mat har auka i omsorgssektoren, men framleis er det bebuarar som ikkje får nok og riktig mat. I 2019 kjem regjeringa med ei ny eldrereform og mat blir ein viktig del.

– Vi har planar om å lage ei tilskotsordning som skal gå til å etablere eller renovere kjøkken på sjukeheimane, for å gjere matlaginga til ein større del av kvardagen, seier Michaelsen. Ho seier at dei også må sjå på kva som er riktig bruk av helsepersonell.

Likar maten

Rundt bordet på Hatlane omsorgssenter er det berre skryt av middagen, sjølv om grønnsakene er varma mykje lengre enn dei skal. Helsefagarbeider Phathira Sonthisawat som har kjøkkenansvaret på denne vakta likar jobben.

– Eg kjenner bebuarane betre enn ein kokk på kjøkkenet hadde gjort og eg veit korleis dei vil ha maten, seier Sonthisawat.

Middagsservering ved Hatlane omsorgssenter

Borghild Gangstad (102) har berre lovord å seie om maten ho får servert på omsorgssenteret.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK