Bygginga av vindkraftanlegget på Haramsøya er i gang, sjølv om motstandarar har prøvd gjentekne gongar å stoppe prosjektet. Det skal byggast åtte 150 meter høge vindturbinar på fjellet.
Politiet hevdar at organiserte grupper driv hærverk og vandalisme inne på anleggsområdet. Personane er maskerte og politiet avviser at det har med smittevern å gjere. Dei meiner personane skjuler identiteten sin for å ikkje bli avslørte.
Desse steinane skal ha blitt lagt i vegbanen av folk som ynskjer hindre anleggsarbeidet, meiner utbyggaren.
Foto: Ovar Risa/Stangeland maskinTrur godt vaksne står bak
Politistasjonssjef Oddbjørn Solheim seier at politiet etterforskar saka.
Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK– Med vinkelslipar er det forsøkt å skjere opp dieseltankar med mange tusen liter, som potensielt kan renne ut i området. Det ville ha vore katastrofalt, seier politistasjonssjef Oddbjørn Solheim. Nokon skal også ha helt sukker i sementen der fundamentet til vindturbinane skal stå og store steinar har blitt plassert i vegbanen.
– Når det er mørkt og glatt er dette i utgangspunktet livsfarlege ting som blir gjort, seier Solheim. Så langt er ingen arresterte i saka. Politiet trur at det er ei lita gruppe med godt vaksne folk som står bak.
Til saman 35 hengelåsar på Haramsfjellet har blitt fylt med lim og silikon.
Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRKHengelåsar fylt med lim
Byggeleiar i Haram kraft, Dag Øverås seier at mykje av det som har skjedd er uakseptabelt.
– Vi brukar mykje tid på å handtere situasjonar vi normalt ikkje har i ei anleggsdrift. Det går på tryggleiken laus på enkelte av tinga som har skjedd, seier Øverås.
Dag Øverås er byggeleiar i Haram kraft. Han meiner aksjonistane heller må bruke kreftene politisk og ikkje på anleggsarbeidarar som gjer jobben sin.
Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRKFleire gongar skal også låsane på bommane ha blitt fylte med lim og silikon. Også hengelåsar på sprengstofflageret har blitt øydelagde.
Øverås fortel om arbeidarar som blir hindra frå å køyre ned frå fjellet etter 12-13 timars arbeidsdag.
– Vi vil berre gjere jobben vår. Dei får heller bruke kreftene på politikarane som har vedteke dette, seier Øverås.
Kritisk til politiet
Birgit Oline Kjerstad er leiar i Nei til vindkraftverk på Haramsøya. Ho har inntrykk av at det føregår få aksjonar for tida.
Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRKBirgit Oline Kjerstad er leiar for Nei til vindkraftverk på Haramsøya. Organisasjonen gjekk til rettssak for å få utbygginga midlertidig stansa i haust, men tapte første runde. Ho er usikker på om det har vore så mykje hærverk som politiet påstår og er kritisk til at dei går ut i media på denne måten.
– Det har skjedd noko, men kven som har gjort det, veit ein ikkje, seier Kjerstad. Ho ser alvorleg på hærverket som har skjedd, men har inntrykk av at slike hendingar har roa seg ned og at det har vore lite aksjonar i det siste.
– Dette kom overraskande på meg. Eg visste ikkje at det hadde gått føre seg noko i det heile tatt, seier Kjerstad. Ho ser ikkje bort i frå at det er nokon som vil legge skulda på vindkraftmotstandarar som står bak.
Hennar organisasjon er mest oppteken av å førebu ankesaka som behandlast i retten snart.
Økonomiske konsekvensar
Olav Rommetveit i utbyggarselskapet Zephyr seier at dei er glade for at politiet tar saka alvorleg.
– Mest av alt fryktar vi for personskade og situasjonar der naudetatane ikkje kjem fram. I tillegg kan skadeverk på anleggsplassen få store økonomiske konsekvensar, seier Rommetveit.
Tre dieseltankar på Haramsfjellet vart brotne opp natt til 6. januar.
Foto: Politiet