NRK Meny
Normal

Meiner alle må vere budde på dugnad for flyktningar

Rådmannen i Ålesund håper styret i storhallen i Ålesund vil seie ja til å leige ut hallen til akuttmottak for flyktningar. Ho meiner alle må vere budde til å bidra i ein krevjande situasjon. I alt 500 flyktningar kan kome til Ålesund innan kort tid.

Astrid Eidsvik

Rådmannen i Ålesund håper dei får lov å bruke Sparebanken Møre Arena til akuttmottak for flyktningar.

Foto: Remi Sagen / NRK

– Ting skjer veldig fort, og vi må ta vår del av ansvaret. Det seier rådmann Astrid Eidsvik.

Ho seier kommunen jobbar ut frå at dei må akuttplassere eit stort antal flyktningar på kort varsel. I går blei det kjent at kommunen ønskjer å bruke Sparbanken Møre Arena til å huse opp til å huse flyktningar.

Sparebanken Møre Arena

Storhallen i Ålesund kan bli akuttmottak.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing

Styret i hallen skal ta stilling til dette i ettermiddag, og Eidsvik seier ho håper på eit postitvt svar.

– Storhallen er det einaste lokalet som er eigna, så eg håper styret ser at vi må gjere ein innsats i den krisa som er i landet vårt.

I følgje Eidsvik er UDI sitt krav i ein akuttfase at flyktningane skal ha eit tilbod om tak over hovudet og mat.

– Så vi ser for oss at det er feltsenger og flatsengar vi skal etablere, dersom vi får ja til å starte opp i hallen.

Store utfordringar

Fram til oktober har norske kommunar busett 8262 flyktningar, men behovet blir no mykje større. I følgje tal frå UDI er det behov for 30 000 plassar i Norge innan februar.

Fleire kommunar i Møre og Romsdal har alt tatt i mot flyktningar, og no står mellom andre Ålesund for tur.

– Folk må vere klare over at dette er krevjande for alle kommunar, seier Eidsvik.

Ålesund kommune har no sett ned ei prosjektgruppe som skal jobbe med busetjing. I neste veke legg dei fram ei sak for politikarane i Ålesund, der dei mellom anna skal ta stilling til om akuttmottaket skal driftast av kommunen eller av private.

– Eg meiner kommunen har ressursar til å drive eit slikt tilbod. Så dersom politikarane ønskjer det, tenkjer eg at det er noko vi må klare å få til, seier Eidsvik.

Betyr dette pengar i kassa for kommunen?

– Det UDI seier er at det er ganske store budsjett knytt til å etablere akuttmottak, så det er naturleg å tenkje seg at dette vil kunne tilfalle kommunekassa. Men det er ikkje det som er fokuset vårt no, fokuset er å hjelpe dei som treng det.

Må finne andre treningstilbod

I følgje Eidsvik er det først og fremst seniorar som har treningstider i hallen om som slik sett vil merke det dersom hallen blir fylt opp av flyktningar.

– Dersom styret seier ja må dei gå i dialog med dei det gjeld, slik at dei kan få tilbod om treningstider i andre hallar. Eg er sikker på at det er mogleg å finne ei løysing for det.