NRK Meny

Medier og kommunikasjon aukar mest

Vel 3 700 har søkt skuleplass på Vg1 for skuleåret 2016/2017. Det er 61 fleire enn i fjor. Størst auke i tal på søkarar har medier og kommunikasjon, med 55 prosent. Etter svak søking over fleire år er det også auke i talet på søkarar til byggfaga og naturbruk. Teknikk og industriell produksjon har framleis mange søkarar, men har 90 færre søkarar enn i fjor.