Hopp til innhold

Medaljedryss til meieriet i Ørsta

TINE Meieriet Ørsta opplevde medaljedryss på verdas største meieriutstilling i Danmark.

Alle leiande meieri i Europa deltek og meir enn 1500 produkt konkurrerer om dei gjevaste medaljane og prisane.

Ørsta fekk ærespris og gullmedalje for produktet Mølsgomme, i tillegg fekk dei medaljar for fire andre produkt.

Meieriet i Ålesund fekk to medaljar.