Medaljane kan bli delt ut søndag

Dersom gullkampen i Eliteserien blir avgjort komande søndag, vil gullmedaljane bli delt ut på Aker stadion. I tillegg kan Molde bli den første klubben som får løfte ein splitter ny vandrepokal.

Molde seriegull og Solskjær

Her feirar Molde seriegull i 2011. Allereie på søndag kan gullmedaljane for 2012 bli delt ut, og Molde-trenar Ole Gunnar Solskjær kan få ei desto større stjerne på Aker Stadion.

Foto: Scanpix

– Det blir gullmedaljar og seriemeisterpokal, samt ny vandrepokal dersom Molde skulle bli seriemeister på søndag.

Det stadfestar Yngve Haavik, kommunikasjonsrådgjevar i NFF, til NRK.no.

– Alt vil då stå klart på Aker Stadion, slår han fast.

Yngve Haavik

Yngve Haavik, kommunikasjonsrådgjevar i NFF, fortel at medaljar og vandrepokal tek turen til Aker Stadion søndag.

Foto: Håkon Mosvold Larsen/Scanpix.

Kan bli avgjort éi runde før slutt

På laurdag tok Molde med seg eitt poeng heim frå Tromsø.

Kampen mellom dei to andre som då kjempa om gullet, Strømsgodset og Rosenborg, enda i heimesiger til Godset.

Dersom alt går Molde sin veg komande helg, vil Tippeligaen 2012 allereie vere avgjort.

For at det skal skje må Molde slå Hønefoss på Aker Stadion, medan Strømsgodset må tape borte mot Sandnes Ulf. Rosenborg blei så å seie hekta av då dei tapte for Strømsgodset.

Når to serierundar står igjen, ligg Molde eitt poeng føre Strømsgodset og fire framfor Rosenborg.

Daniel Berg Hestad

Daniel Berg Hestad, med dottera på arma, feira eit etterlengta seriegull i 2011. I år, og på søndag, kan det andre bli sikra.

Foto: Terje Reite / NRK

Forsterkande vandrepokal

Dersom ein eventuell gullfest – nummer to på rad – brakar laust i Molde, vil det vere med litt ekstra.

For 2012 er året då vandrepokalen skal delast ut for første gang.

– Den har vi fått fordi vi ønskjer å forsterke merksemda for klubbar som blir seriemeister i norsk fotball, fortel Haavik.

Han seier vandrepokalen er svært flott.

– Og eit synleg prov på prestisjen det er å bli seriemeister.

– Den blir seriemeister sin eigedom fram til ein ny seriemeister i Tippeligaen, og for den del i Toppserien, blir kåra, avsluttar Haavik i Fotballforbundet.

Molde seriemestere

Her har Molde fått medaljane sine i 2011. I år kan det bli vandrepokalen i tillegg.

Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / Scanpix

Siste video/lyd

Vi tok turen til Molde-treninga for å sjekke om de er klare for seriestarten mot KBK førstkommende lørdag.
Ein fem år lang krangel etter rehabilitieringa av Freifjordtunnelen, hamnar no i forliksrådet. 
Statens vegvesen meiner ei svakheit i plastduken som ble laga, kan gi ekstrakostnader i hundremillionar-klassen.
Ålesund kommune har kome på kant med delar av kulturlivet i byen. Då det kom fram at mellom andre Matfestivalen ikkje lenger får halde til på sin tradisjonelle plass midt i sentrum - har mange års irritasjon kome til overflata.