Hopp til innhold

Får banebrytande kursing for å takle ein katastrofe

Møre og Romsdal er først ut i landet med storsatsing på leiarutdanning for ambulansefolk.

Innsatsleiarkurs

På Setnesmoen øver ambulansefolka nesten heile døgnet.

Foto: André Tiller

Det har vore knallhard konkurranse om å få bli med på kurset som denne veka blir arrangert på Setnesmoen i Rauma.

– Vi hadde femti søkarar. Berre femten kom inn. No er det full køyr med teori og praksis frå morgon til kveld.

Det seier Tore Paulsen, fagrådgjevar for ambulansetenesta i Helse Møre og Romsdal. Han håper at fleire får sjansen til å ta dette kurset etter kvart.

Innsatsleiarkurs

Det er intense kursdagar for ambulansefolka som denne veka er samla på Setnesmoen. Her underviser Sindre Egeness.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

På Setnesmoen sit ambulansefolka og får teoriopplæring når NRK er innom. På kveldstid øver dei seg på praktiske ferdigheiter. Folk frå Rauma Røde Kors og Rauma vidaregåande skule er med som markørar.

Innsatsleiarkurs

Det er lange dagar for kursdeltakarane, med mange utfordrande oppgåver.

Foto: Bård Tokle

Møre og Romsdal er først

– Erfaringane frå 22. juli viser at god leiing er viktig på ein skadestad. No er Møre og Romsdal først ut i landet med utdanning av innsatsleiarar for ambulansepersonell, fortel Tore Paulsen til NRK:

Tore Paulsen

– Dei femten kursdeltakarane skal bli gode leiarar, seier Tore Paulsen, fagrådgjevar for ambulansetenesta.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

– Det er lange dagar og knallhardt arbeid. Folk blir slitne, men dei har pågangsmot, seier fagrådgjevaren.

– Desse få utvalde skal bli veldig gode. Dette vil vere med og løfte dei tenestene vi utfører.

Intens kursing

Per Johan Tøsse er ein av kursdeltakarane. Han er seksjonsleiar for ambulanse i Aukra og Fræna:

– Det er eit utruleg spennande kurs. Her er det intens opplæring frå morgon til kveld, seier han.

Han fortel at dei på kveldstid har øvd på mange forskjellige ting, som drukning, søk etter sakna personar og skarpe oppdrag.

DSB: – Øvelser er aldri bortkastet, men må følges opp

Per Johan Tøsse

Per Johan Tøsse har vore 23 år i ambulansetenesta, men meiner likevel han har mykje å lære.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

– Men kan du ikkje det meste frå før, då?
– Eg har vore 23 år i tenesta. men her er det spissa mot det å vere leiar i vanskelege og krevjande situasjonar.

– Skjer når vi minst ventar det

– Har vi lært noko av 22. juli?
– Vi har lært at vi ikkje kan alt. Det er mykje vi ikkje er budde på. Det skjer når vi minst ventar det. Dermed gjeld det å ligge eit steg framfor i tankegangen, seier Per Johan Tøsse.

Innsatsleiarkurs

Berre femten av femti søkjarar fekk vere med på kurset.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL