Hopp til innhold

MDG har blitt utsett for hacking

Fleire av medlemane i Miljøpartiet De Grønne har mottatt ei rekke uønskte epostar. Partiet har blitt utsett for eit massivt epost-attak, seier styremedlem Jon Peder Vestad.

Miljøpartiet De Grønne (MDG) sin oppsummerende pressekonferanse i Oslo, Rasmus Hansson i forgrunnen.

Hackarar har sendt ut ei rekkje epostar frå Miljøpartiet de Grønne.

Foto: Grøtt, Vegard Wivestad / NTB scanpix

Natt til tysdag fekk mange medlemmar av partiet og truleg også andre folk som har kontakta partiet, epostar og tekstmeldingar, som utga seg for å kome frå MDG.

Blant bodskapa er at MDG no elskar fossilt brensel og vil legalisere narkotika, at MDG dannar allianse med Rødt og Liberalistene. Det har også kome skitkasting mot SV.

– Ikkje noko av det som er sendt ut stemmer med politikken til MDG. Dessverre har nokon komme seg inn i epost-systemet til MDG og sendt ut meldingar som berre er eigna til å sverte partiet, skriv styremedlem Møre og Romsdal MDG, Jon Peder Vestad i ei pressemelding.

Partisekretær Lars Gaupset seier at partiet ser alvorleg på saka og har sett i verk tiltak for å hindre vidare misbruk.

Leverandøren av MDGs medlemssystem har midlertidig blokkert moglegheita for å sende ut massemeldingar.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL