Hopp til innhold

Ein omkomen i motorsykkelulykke i Surnadal

Ein mann i starten av 20-åra omkom etter å ha køyrt utfor vegen i Surnadal. Livet stod ikkje til å redde, seier politiet.

MC-ulykke i Surnadal

Ein MC-førar har køyrt utfor vegen på fylkesveg 65 mellom Skei og Betna.

Foto: Mari Vattøy / Driva

Klokka 20.35 torsdag kveld meldte politiet at mannen som var involvert i ulykka hadde omkome.

– Helsepersonell var raskt på staden og starta med livreddande førstehjelp, men livet stod ikkje til å redde, sa politiet.

Mannen var i starten av 20-åra.

Pårørande er varsla.

Køyrde av vegen

Det var klokka 18.18 torsdag at politiet fekk melding om at ein motorsykkelførar hadde køyrd utanfor vegen ved Åsskardshøgda i Surnadal.

– Det er ei alvorleg ulykke, sa operasjonsleiar ved Møre og Romsdal politidistrikt, Per Åge Ferstad til NRK etter ulykka.

Det var berre ein person involvert i ulykka.

– Det var fleire syklar i eit følge, men vi veit førebels ikkje om det var vitne til hendinga, seier Ferstad. Årsaka til ulykka er ikkje kjend.

Vegen var sperra i timevis

Vegen var sperra i timevis etter ulykka.

Etterforskarar frå politiet og ulykkesgruppa har vore på staden for å gjere tekniske undersøkingar.

Klokka 01.30 natt til fredag melde politiet at undersøkingane var ferdige og at vegen var opna igjen.

Rindal kommune hadde open kantine ved ungdomsskulen torsdag kveld for dei som ønska å møtast etter ulykka. Også kriseteamet var til stades.

Ulykka skjedde ved Åsskardshøgda i Surnadal.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL