MC-førar truleg alvorleg skadd

Føraren av ein motorsykkel som kolliderte med ein bil på Halåsbakken i Eide på Nordmøre er truleg alvorleg skadd, skriv politiet på Twitter. Ambulansehelikopter er på veg. Vegbana på fylkesveg 64 mellom Svanvika og Sylte er sperra og blir truleg sperra i lengre tid. Kriminalteknikarar frå politiet og ulykkesgruppa til Statens vegvesen er varsla.