Hopp til innhold

Eit slikt bryllaup har du neppe sett før

Omgitt av familie, venner og MC-folk, gav dei kvarandre sitt ja – etter gamal norrøn skikk. –Vi er utradisjonelle folk, så vi ville ha eit utradisjonelt bryllaup, seier brudeparet.

MC-bryllup

Villy Stølen og Lise Bolstad gir kvarandre sitt ja ved dei norrøne gudane Vår Sjavn og Lovn.

Foto: Ivar Eidheim / NRK

Surnadalingen Villy Stølen ville ha eit annleis bryllaup, og det fekk han. På MC-treffet til klubben Tornados på Kyrkseterøra stod bryllaupet laurdag. Vigselen blei gjort etter åsatrua og gamal heidensk vikingtradisjon.

Lise Bolstad og Villy Stølen

Lise Bolstad og Villy Stølen ville ha eit utradisjonelt bryllaup. Her er dei i gang med brudebildefotograferinga.

Foto: Ivar Eidheim / NRK

–Vi var i eit slikt bryllaup for eit par år sidan og blei inspirert til å gjere det slik sjølv.

Både bruda, Lise Bolstad frå Samnanger ved Bergen, og brudgommen har MC-vesten på. Begge er med i MC-klubbar. Lise er i klubben «Skjoldmøy», medan Villy er i «Skallebank MC». Begge er MC-klubbar i Hordaland der paret bur.

Norrøn, heidensk skikk

MC-bryllup

Ivar Hille, forstandar i trussamfunnet Forn Sed Norge, er i gang med bryllaupssermonien.

Foto: Ivar Eidheim / NRK

–Heile natt, heile nærskylde. Med milde augo på oss de skode. Signa oss sitjande her.

Forstandar i åsatru-trussamfunnet Forn sed Norge, Ivar Hille, er kledd i fotsid kjortel og slår taktfast på tromma si medan han påkallar norrøne gudar og æser på gamalt vikingvis. Rundt brudeparet står forlovarar, familie og venner og deltakarar på MC-treffet. Dette har få av dei sett før.

Sa ja ved gudane Vår, Sjavn og Lovn

MC-bryllup

Brudeparet skålar med eit bukkehorn.

Foto: Ivar Eidheim / NRK

Etter gamal norrøn gudetru er gudinna Vår den som vigslar og vernar om ekteskapet. Kjærleiksgudinna Sjavn er den som vekkjer kjærleik hos menn og kvinner og Lovn er den som hjelper dei å få kvarandre.

Åsatru-forstandaren held ein kort tale før sjølve vigsla. Brudeparet held i den store ringen forstandaren ber som smykke rundt halsen og gir kvarandre sitt ja ved gudane Vår, Sjavn og Lovn. Han erklærer dei deretter som rette ektefolk.

–Måtte Frigg råde og verne ekteskapet, avsluttar Hille, før dei nygifte og forlovarane skålar med eit bukkehorn.

MC-kortesje

MC-kortesje

I eit MC-bryllaup må det sjølvsagt køyrast i kortesje.

Foto: Ivar Eidheim / NRK

Villy og Lise gir kvarandre ringar og det tradisjonelle kysset før jubelen og gratulasjonane bryt laus. Deretter var det sjølvsagt motorsykkelkortesje og festmiddag med motorsykkelpreg.

–Vi er utradisjonelle folk, så vi ville ha eit utradisjonelt bryllaup, smiler bruda, Lise Bolstad, når vi lurer på kvifor dei har valt å gifte seg på denne måten.

MC-bryllupskake

Bryllaupskaka.

Foto: Ivar Eidheim / NRK

Både ho og Villy Stølen har meldt seg inn i det registrerte åsatrusamfunnet Forn sed Norge som er eit heidensk trussamfunn med om lag 100 medlemmer i Noreg.

–På den måten går kyrkjeskatten vår til dei i staden for statskyrkja, seier Stølen.

Åsatru på frammarsj?

Ivar Hille er arkivar og historikar, men er forstandar i Forn Sed Norge på deltid (Forn Sed betyr gamal skikk, red.anm.) Trussamfunnet er registrert og har vigselsrett. Hille er ikkje så ofte på tur for å ha vigselssermoniar, men meiner han registrerer ei aukande interesse. Alt neste helg skal han av garde igjen.

–Dette var hyggeleg og veldig spesielt for meg også, seier Hille, og viser til MC-rammene rundt bryllaupet.

Saman med trussamfunnet Bifrost har Forn Sed Norge om lag 500 registrerte medlemmer, men Hille trur interessa for åsatru er mykje større enn det medlemstala viser.

Villy Stølen og Lise Bolstad er utradisjonelle menneske som ville ha eit utradisjonelt bryllaup. Foto: Bjørn Fjelnset/EB video AS.

Sjå video av vigselsseremonien. Foto: Bjørn Fjelnset/EB Video AS.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL