Hopp til innhold

Mauseth ferdig som Tornekratt-leiar

I ei pressemelding frå Tornekrattet-styret trekkjer leiar Eva-Brit Mauseth seg frå alle styreverv med umiddelbar verknad. Grunnen skal vere dei kontroversielle utsegnene kring eiga fyllekøyring.

Eva-Brit Mauseth

Eva-Brit Mauseth har trekt seg som leiar i Tornekrattet.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

«På bakgrunn av dei siste dagars hendingar, vel Eva-Brit Mauseth å trekkje seg frå sine styreverv i Tornekrattet med umiddelbar verknad. Eit samla styre stiller seg bak avgjersla.»

Det skriv Tornekrattet, Molde sin supporterklubb, på si eiga heimeside.

– Det finst ein fyllekøyrar i oss alle

Det var i eit intervju med NRK at stormen rundt Mauseth dei siste dagane byrja.

Etter gullfeiringa i 2011 blei Mauseth stoppa av politiet og seinare dømt til 21 dagars fengsel for fyllekøyring. Soninga i fengsel starta måndag, dagen etter Molde–Hønefoss.

Då NRK spurte om fengselsstraffa ville legge ein dempar på ei eventuell gullfeiring, svarte Mauseth:

– Å neida, feiring skal det bli! Dette har eg visst om lenge, og det er ikkje noko eg skjemmast over.

– Det finst ein fyllekøyrar i oss alle, sa Mauseth til NRK.no.

Ho uttalte òg at fengselsopphaldet ville bli som ein ferie. Dagen etterpå sa Mauseth til NRK at ho angra utsegnene.

Saka held fram under bildet.

Eva-Brit Mauseth

Eva-Brit Mauseth har vore leiar i Tornekrattet sidan 2007. Tysdag kveld trakk ho seg frå alle verv i styret.

Foto: Lien, Kyrre / VG

Uheldige utsegner

Ny leiar i Tornekrattet er tidlegare nestleiar Oddmund Bjerkeset.

– Vi har hatt eit styremøte no i kveld, der vi diskuterte kva vi skal gjere med tanke på dei litt uheldige utsegnene som kom fram i media.

– Vi prata med ho Eva-Brit sjølv, og ho har valt å trekkje seg, meddeler Bjerkeset.

Ikkje i tråd med korleis Tornekrattet vil framstå

Ifølgje Bjerkeseth er det oppstyret i media, etter NRK si sak i forkant av Molde–Hønefoss søndag, som er hovudgrunnen.

– Ja, det er nok det. Vi i Tornekrattet synest ikkje utsegnene er heilt i tråd med korleis vi vil bli oppfatta som organisasjon, slår Bjerkeset fast.

– Molde Fotballklubb gjekk måndag ut og tok avstand får utsegnene. Var dette éin av grunnane til at Mauseth trakk seg?

– Det ønskjer eg ikkje å kommentere.

– Var det ho sjølv som trakk seg, eller var det press frå resten av styret?

– Det var ho Eva-Brit sjølv som trakk seg. Ho er no ute av styret og er vanleg medlem, fortel Bjerkeset til NRK.no.

Han er no leiar fram til Tornekrattet sitt årsmøte 19. januar.