Hopp til innhold

Mattilsynet: Ikkje klarsignal for avlusing

Mattilsynet vil førebels ikkje gi grønt lys for å bruke supplybåtar med spesialutstyr til avlusing av oppdrettsanlegg, og meiner at fiskevelferda ikkje er godt nok varetatt.

Rensing av lakselus hos Fjordlaks

Fiskeriminister Per Sandberg fekk presentert den nye løysinga under eit bedriftsbesøk i vår.

Foto: Remi Sagen / NRK

I april presenterte Fjordlaks eit konsept der dei tok i bruk supplyskip i opplag til å overvinne problema med lus.

Mattilsynet er positive, men distriktssjef Kristin Ness vil ikkje klarsignal rett no.

– Ikkje noko tilseier at dette ikkje skal bli den store løysinga, men førebels er utfordringa å unngå at fisk døyr eller blir skadd under behandlinga.

Kristin Ness

Distriktssjef Kristin Ness håper det nye utstyret kan bli vidareutvikla.

Foto: Mattilsynet

Mattilsynet håper at næringa kjem fram til ei løysing på dei utfordringane som står igjen, og synest det er positivt at det blir jobba med alternativ til medikamentell behandling av lakselusa.

– Men fiskevelferda må bli varetatt, seier Ness.

– Kan vere løysinga

Ordninga som blei presentert i vår treng slik sett ikkje noko godkjenning frå Mattilsynet. Ansvaret for at denne avlusinga skal skje i tråd med gjeldande lover og reglar, og fiskehelsemessig forsvarleg, ligg hos eigar og produsent av utstyret.

– Utstyret dei no har kome fram til kan godt vere løysinga, men det treng ei tilpassing, slik at ikkje fisk døyr under behandlinga.

Oppdrettsanlegg

Avlusingar vore ei utfordring i lang tid. Til no har behandling med medikament vore dominerande.

Foto: Norsk Havbrukssenter/Flickr

Optimar Stette, som har utvikla systemet med å bruke supplyskip til avlusing, vedgår at der er utfordringar knytt til fiskevelferda.

– Vi jobbar med dette heile tida, og har allereie betra systemet fleire gongar, seier Frode Kjølås i Optimar Stette.

Han opplyser at systemet er svært effektivt mot avlusing, men vedgår altså at der er nokre svake punkt i forhold til fiskevelferda som dei no jobbar med. Dette vil dei legge fram ein rapport om seinare i sommar.

– Når dei har løyst desse utfordringane kan dette vere ein viktig bidragsytar til å få lusetala ned, seier Ness i Mattilsynet.