Det var etter ein kontroll for to veker sidan at Mattilsynet stoppa klippfiskproduksjonen ved Giske-bedrifta.
Nedvask og vedlikehald
Olga Godø AS har no vaska ned lokala sine og har derfor fått løyve til å starte produksjonen igjen, seier seksjonssjef Anne Søyset i Mattilsynet. Dessutan har bedrifta fått frist til å leggje fram ein vedlikehaldsplan.
Alvorleg svikt i hygienen
Det er sjeldan dei kjem over forhold av så alvorleg karakter hos ein matprodusent, seier Anne Søyset. Reinhaldet i produksjonslokala var for dårleg. Kjøleromma heldt ikkje låg nok temperatur fordi kjølemaskineriet var fråkopla. Store mengder fisk var lagra utandørs og i rom utan kjøling. Mattilsynet har av hygieniske årsaker forbode bedrifta å selje ni pallar med klippfisk som var lagra utandørs.
Kvalitet og omdømme
Olga Godø AS har ti tilsette og produserer klippfisk til eksport. Dagleg leiar Ståle Godø seier at dei tek pålegga frå Mattilsynet til etterretning og at dei vil gjere sitt beste for å oppfylle krava.
- 99 prosent av norsk fisk og fiskeprodukt går til eksport, og næringa er avhengig av kvalitet og eit godt omdømme, seier Jorulf Straume, som er avdelingsleiar for industri og eksport i Fiskeri- og havbruksnæringens landsforening.