Hopp til innhold

– Vi skreiv at det var skinke og tomat i pizzaen for å forklare næringsverdien

Mattilsynet føler seg ikkje heilt trygge på innhaldet i Pizza Grandiosa. Etter at ein svensk journalist har stilt spørsmål ved innhaldet, vil Mattilsynet sjekke om det verkeleg er skinke og tomat i pizzaen.

Pizza Grandiosa

Pizza Grandiosa inneheld ikkje skinke og tomat. Derimot inneheld frosenpizzaen noko som blir kalla «pizzakjøtt» og tomatpuré.

Foto: Scanpix / SCANPIX

Det er den svenske marjournalisten Mads-Eric Nilsson som i Dagbladet stiller spørsmål ved innhaldet i Pizza Grandiosa. Han hevdar at pizzaen verken inneheld skinke eller tomat. I staden skal det vere ei form for kjøt og soyablanding i tillegg til puré-produkt i pizzaen.

Dag Olav Stokken

Dag Olav Stokken er kommunikasjonsdirektør i Stabburet.

Foto: Stabburet

– Dette er ikkje ein del av varedeklarasjonen. Vi ønskte å gje forbrukaren eit bilete av kva som er næringsinnhaldet i Grandiosaen. Dei siste øskjene med denne deklarasjonen gjekk ut frå fabrikken på Stranda i februar, og er snart historie, seier kommunikasjonsdirektør i Stabburet, Dag Olav Stokken.

Så de skjønte sjølve at informasjonen var villeiande?

Nei, vi endrar jo emballasjen frå tid til anna. Vi ønskjer å ha ein variasjon på kva vi skriv, seier Stokken.

– Kvifor skreiv de at det er skinke og tomat, når det ikkje er skinke og heller ikkje tomat?

Nei, altså. Det vi ønskte å gjere var å gje eit veldig klart bilete av næringsinnhaldet, som folk kunne relatere dette til. Det var eit forsøk på å gjere eit pedagogisk grep som er lett å forstå, seier Stokke.

– Mattilsynet vil undersøkje

No vil Mattilsynet studere Grandiosaen og finne ut kva innhald som er i denne frosenpizzaen. Bakgrunnen for at Mattilsynet gjer noko med saka er oppslaget i Dagbladet sist helg.

Anne Stine Foldal Aam.

Anne Stine Foldal Aam i Mattilsynet.

Foto: Øyvind Johan Heggstad. / NRK

– Ifølgje denne reportasjen er marknadsføringa misvisande. Og vi godtek ikkje misvisande reklame for mat. Vi kjem til å følgje opp dette i samband med tilsyn, seier Anne Stine Foldal Aam i Mattilsynet.

Er de overraska over at det kjem ei sak som dette?

– Tidlegare følgde vi nøye med på om til dømes pølser hadde det kjøtt og feittinnhaldet som var opplyst om på pakkane. Slike undersøkingar gjer vi ikkje så mykje av lenger. Bakgrunnen for dette kjem frå sentrale styringssignal. Men vi skal følgje opp dette, og sjå til at det er samsvar mellom det dei seier dei sel og det dei faktisk sel, seier Foldal Aam.

– Ulovleg men ingen helserisiko

Ifølgje Mattilsynet er dette inga problemstilling som har med helserisiko å gjere. Det handlar først og fremst om at forbrukarane skal ha korrekt informasjon, slik at dei har grunnlag for å gjere val når dei handlar inn matvarer.

– Vi registrerer at det kanskje ikkje er så mykje skinke i pizzaen som det forbrukarane trur. Det har ikkje så stor risiko reint helsemessig. Men dette er å villeie forbrukarane, og det skal ein ikkje gjere. Ein blir neppe sjuk av dette, men ein kan føle seg lurt, seier Foldal Aam.

Og det er vel ikkje lovleg?

– Nei. Dei skal merke produkta sine med det faktiske innhaldet. Og dei skal ikkje drive marknadsføring på ein slik måte at folk kan tru noko anna enn det det faktisk er, seier Foldal Aam.

– Teksten er endra

Stabburet opplyser at dei allereie har endra teksten på pizzapakkane. Mattilsynet har heller aldri før påpeikt noko manglar ved dette, sjølv om dei har hatt jamleg besøk ved bedrifta.

Mattilsynet kjem allereie for seint på banen i denne saka. Dette er allereie endra. Men Mattilsynet har aldri påpeika dette tidlegare. Eg tykkjer det er merkeleg, seier kommunikasjonsdirektør Dag Olav Stokken.

Men kvifor endrar de teksten på emballasjen? Burde de ikkje heller rett og slett bruke skinke og tomat i pizzaen?

– Pizzakjøtet er det same som vi har brukt i Grandiosa i 30 år. Dette er med på å skape den heilt unike Grandiosa-smaken. Det er storfekjøt, men det er ikkje skinke, fortel Stokken til NRK.