Hopp til innhold

Mattilsynet henta 60 dyr i Fræna i dag – eigarane misser truleg driftsløyvet

Mattilsynet og politiet rykte torsdag ut og henta 60 kyr og kalvar frå eit gardsbruk i Fræna. I følgje tilsynet skal gardrbrukarane ha utsett dyra for store lidingar.

Magne Mo i Mattilsynet

Avdelingssjef Magne Mo i Mattilsynet var sjølv med på aksjonen i Fræna torsdag. Han seier dyra bar preg av vanskjøtsel.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Mattilsynet allierte seg med politiet då dei tidleg torsdag rykte ut til eit gardsbruk i Fræna for å hente ut 60 kyr og kalvar. Mattilsynet hevdar dyra var avmagra og at eigarane har gjort seg skuldig i grove lovbrot i fleire år fordi dyra ikkje skal ha fått nok mat og drikke.

Etter å ha halde oppsyn med gardsbruket i fleire år, aksjonerte Mattilsynet torsdag.

Det var Rbnett som først meldte om aksjonen.

– Dyra bar preg av at det har vore vanskjøtsel over tid, vi fann fleire tynne dyr, seier avdelingssjef Magne Mo for Mattilsynet for Nordmøre og Romsdal.

Mattilsynet avliva ein spedkalv då dei kom til gardsbruket torsdag, medan dei 60 andre dyra blei sende til slakting.

– Det er ikkje vanleg. Det skjer heldigvis svært sjeldan, men når vi har gått til det steget å fatte vedtak om pålegg om avvikling, ligg det ei lang historie til grunn, seier han.

– Stor belastning

NRK sit med deler av korrespondansen mellom Mattilsynet og dei fire gardbrukarane som er involvert i dyrehald på garden og i ein romsdalskommune til.

Her kjem det fram at mangel på mat og drikke har vore ei stor belastning for dyra, slik Mattilsynet vurderer det.

Allereie i 2011 var Mattilsynet på inspeksjon på garden og reagerte på at dyra var tynne og utmagra og mangla vatn og mat. Dei neste åra skal gardbrukarane gjentekne gongar ha fått kritikk for dyrehaldet, men først no blir dyra tatt ifrå dei.

Mo forstår at det blir stilt spørsmål til om dei aksjonerer raskt nok.

– Det er kanskje lett å i ettertid å seie det, men samtidig har vi følgt opp så tett og hatt ei løpande vurdering av når nok er nok, og dit kom vi i haust. Vi meiner at det har vore innanfor å ikkje aksjonere før no, seier han.

Mattilsynet varslar vedtak

Mattilsynet vurderer no å ta frå gardbrukarane retten til dyrehald, fordi tilsynet meiner dei ikkje klarer å ta vare på dyra på ein god måte.

Foto: Synnøve Hole / NRK

Kan misse løyvet til dyrehald

Etter det NRK kjenner til bestemte Mattilsynet hausten 2017 at gardbrukarane måtte avvikle dyrehaldet, utan at det skal ha skjedd.

I heile fjor fatta Mattilsynet 83 slike vedtak for heile landet, samtidig som 25 dyreeigarar blei melde til politiet.

No vurderer Mattilsynet å ta frå dyreeigarane løyvet til å drive med dyr, slik 30 andre opplevde i fjor. I varselet heiter det «Etter vår vurdering er det stor sannsynlighet for at du også i framtiden vil unnlate å gå dyr nødvendig tilsyn og stell, og på den måten utsette dem for unødig påkjenninger og belastninger».

Mattilsynet vurderer å melde dei fire gardbrukarane til politiet.

Det har ikkje lukkast NRK å kome i kontakt med dei fire gardbrukarane som er involverte i drifta.