NRK Meny
Normal

Mattilsynet fryktar smittefare i gigantfjøs

Det er ingen jubel hos Mattilsynet for planane om ein gigantfjøs i Stordal. Frå hausten kan 1500 oksar vere under same tak i gamle fabrikkbygningar.

 Anne Stine Foldal Aam

Seksjonssjef i Mattilsynet Midt, avdeling Sunnmøre, Anne Stine Foldal Aam i Mattilsynet er skeptisk til eit storfjøs i Stordal til hausten.

Foto: Privat

Om nokre få månader kan gigantfjøsen i Stordal vere ein realitet, dersom eigarane av møbelfabrikken Vad får gjennomslaget for ideen sin. Men Mattilsynet rynkar på nasen over planane.

– Nei, eg er litt skeptisk. Det vil vere knytt ein del smittemessige utfordringar til å kunne setje ihop så mykje dyr som det er snakk om her, seier seksjonssjef i Mattilsynet Midt, avdeling Sunnmøre, Anne Stine Foldal Aam.

Fryktar smittefaren

Vad i Stordal

Dei tomme fabrikklokala i Stordal kan bli ein gigantfjøs.

Foto: Remi Sagen

Ho meiner forholda i ein slik stor fjøs vil bli omtrent som ved barnehagestart kvar haust.

Ifølgje Foldal Aam vil kalvar til eit så stort anlegg måtte kome frå mange ulike stader, og dermed kunne smitte kvarandre.

Då blir det slik som når ungane begynner i barnehagen. Alle blir sjuke av kvar sine sjukdommar. Slik blir det også på andre ungdyr, det vil vere ei utfordring, seier ho.

Tommelen ned frå bondelaget

Planane vekkjer heller ikkje gehør hos bondelaget i fylket. Dei seier gigantfjøsen bryt totalt med det som har vore vanleg i norsk landbruk, og peikar spesielt på problema knytt til å klare å kvitte seg med all møkka frå 1500 oksar.

Les også:

Helsing frå Listhaug

Sylvi Listhaug

Landbruksminister Sylvi Listhaug ønskjer initiativtakarane i Stordal lykke til med planane om eit storfjøs.

Foto: Eivind A. Pettersen

Det er eigarane av møbelfabrikken Vad i Stordal som ønskjer å etablere landets største storfeproduksjon, og dermed skape nye arbeidsplassar i bygda.

Sidan midten av 90-talet har det forsvunne omlag 400 arbeidsplassar innanfor møbel, og stordalingane arbeider aktivt for å skape noko nytt.

Landbruksminister Sylvi Listhaug er glad for initiativet.

– Vi treng å produsere meir storfekjøt i Noreg, difor er det positivt at ein vurderer å satse på dette i Stordal. Eg vil ønskje lykke til med vidare planlegging, skriv ho i ein sms til NRK Møre og Romsdal.

– Trur det blir utfordrande

Men seksjonssjefen i Mattilsynet vedgår at ho ikkje har heilt trua på at det til hausten blir starta ein storskala produksjon av storfekjøt i Stordal.

Eg vil jo gjerne at dei skal få til mykje i Stordal, men eg trur dette blir vel utfordrande, seier ho.