Hopp til innhold

– Eg gret då presten i Sverige sa ja til å vie oss

Cecilie (38) og Monica Langvatn (37) fekk berre nei frå prestar på Sunnmøre då dei ville gifte seg. Dei drog til Gotland i Sverige og angrar ikkje.

Monica og Cecilie Langvatn

Monica og Cecilie Langvatn fekk ikkje gifte seg i kyrkja heime. Dei fann ein prest i Sverige, som tok oppdraget.

Foto: privat

Det lesbiske paret, Cecilie og Monica Langvatn, bestemte seg tidleg i forholdet for at dei ville gifte seg. Dei er busett på Giske på Sunnmøre, der dei driv eit cateringfirma saman. Begge er vaksen opp med ei kristen barnetru, og er døypte og konfirmerte. Dei syntest det var naturleg å gifte seg i kyrkja.

– Eg er ikkje annleis enn ei heterofil kvinne som drøymer om kyrkjebryllaup, seier Cecilie.

Ho blar i bryllaupsalbumet som viser paret frå dei stod opp om morgonen og pynta seg, til bryllaupsseremonien og festen etterpå.

Bryllaup i Sverige

Med 20 gjestar frå familie og venekrets, fekk kvinnene eit minnerikt bryllaup i Sverige.

Foto: privat

Presten sa nei

Først trudde dei ikkje det skulle vere så vanskeleg å bli via i kyrkja heime på Sunnmøre. Dei hadde høyrt at det kunne vere opp til den enkelte kyrkja og at det fanst ein liturgi for homofile. Det første møtet med kyrkjekontoret var oppløftande. Kvinnene var optimistiske og tenkte at draumen om kyrkjebryllaup snart ville gå i oppfylling. Møtet med presten gjekk ikkje like bra.

– Etter 40 minutt i samtale med presten, sa han at det var uaktuelt å vie oss. Vi kunne heller ikkje bruke kyrkja, dersom vi fann ein annan prest med eit anna syn på homofile, fortel Cecilie.

Dei ringde også til kyrkja i Ålesund, men fekk same svar.

Cecilie minnest kjensla ho sat med. Ho som hadde vore så optimistisk, følte seg heilt tom. Ho var så lei seg at ho ikkje klarte å ringe heim til familien på Stord, fordi gråten pressa på.

LES OGSÅ:

Turistinformasjonen fann prest

Kvinnene bestemte seg for å ikkje gi opp. Dei visste at det er enklare for homofile å gifte seg i Sverige og Danmark, der kvar enkelt prest bestemmer. Sidan Cecilie har gode minner frå Gotland, ville dei først prøve å finne ein prest der. Dei googla, men fann ikkje noko telefonnummer.

– Vi ringde faktisk turistinformasjonen og dei hjelpte oss. Eg gråt då presten sa ja, smiler Cecilie.

25. juni 2011 sa Cecilie og Monica ja til kvarandre med like skreddarsydde drakter og kvar sine brudebukettar. Cecilie skildrar dagen som magisk, mykje takka vere den varme og inkluderande presten. Han hadde aldri via homofile før.

Cecilie Langvatn

Cecilie Langvatn vart skuffa over Kyrkjemøtet i dag.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Skuffa over vedtaket

At Kyrkjemøtet i dag sa nei til både vigsel og forbøn av homofile par, skakar Cecilie.

– Det er ufatteleg trist. Kunne vi ikkje gjort slik som i Sverige, der prestane sjølve kan avgjere om dei vil eller ikkje, spør 38-åringen. Ho har blitt så opprørt at ho vurderer å melde seg ut av statskyrkja.

Sjølv om minna frå bryllaupet på Gotland er fantastiske, er det sårt at paret ikkje fekk lov å gifte seg i kyrkja si. Dei hadde håpt at andre homofile som går med gifteplanar, skulle sleppe å dra utanlands.