NRK Meny
Normal

Starta brann med røyking på senga

Ein mann i Ørsta blei søndag ettermiddag send til helsesjekk i lag med to pleiarar etter det tok fyr i senga hans. Ifølgje politiet røykte mannen på senga.

Laster kart, vennligst vent...

Laster Twitter-innhold

Ein mannleg pasient i 50-åra blei søndag ettermiddag send til helsesjekk i lag med to pleiarar. Ifølgje politiet skal mannen ha røykt på senga, slik at det begynte å brenne. Dette blei sløkt av dei tilsette, to personar i 30- og 50-åra.

– Ingen er alvorleg skadde, seier operasjonsleiar Trygve Ødegård hos politiet.

Brannvesenet i Ørsta rykte ut til branntilløpet klokka 16.45. Ødegård kan ikkje seie om det var open eld i rommet, og viser til at politiet først blei kopla inn etter at brannen var sløkt av dei tilsette på institusjonen der mannen bur.

Pleiarane fekk sløkt dette, og i det har dei fått i seg røyk, og er difor sende til helsevesenet for sjekk, seier Ødegård.