Det kjem fram i saksdokumenta frå Romsdal tingrett.
Det var i april i år at det oppstod ein konfrontasjon mellom dei to mennene.
Mannen frå Romsdal hadde vore på byen og stod i taxikø saman med sambuaren sin då han kom i kontakt med tre menn frå Trøndelag. Der skal også ha oppstått ein diskusjon mellom dei tre og mannen.
Måtte sy 15 sting
Sambuaren til mannen skal då ha sett seg i eit skur, medan ho venta på at dei skulle få ein taxi heim. Like etter kom den fornærma og sette seg ned saman med sambuaren til mannen.
Den dømde mannen i midten av 30-åra skal då hå gått inn i skuret og slått den andre mannen i ansiktet. Først ein gong med knytt neve, og deretter mindre hardt.
Ifølgje dommen skal slaget ha vore så kraftig at overleppa til mannen blei kløyvd på midten, noko som førte til eit stort ope sår.
Mannen blei sendt til Molde sjukehus der han måtte sy 15 sting på under- og oversida av leppa. Vedkomande skal ha forklart i retten at han hadde smerter i om lag 1,5 veker etter hendinga og at han hadde problem med å få i seg mat.
I tillegg til fengselsstraffa må mannen frå Romsdal betale sakskostnadane og ei skadeerstatning på 15.000 kroner.