NRK Meny
Normal

Uheldig skiløpar blei henta av helikopter

Ein uheldig skiløpar måtte laurdag kveld bergasta ned frå eit fjell ved Brandal i Hareid av eit redningshelikopter. Han blei frakta til Ålesund sjukehus for ein sjekk, opplyser politiet.

Politiuniform

Politiet bistår for å få berga ned skiløparen i Hareid.

Foto: Arne Sandvik/NRK

Mannen var nede frå fjellet rundt klokka 21 laurdag.

Politiet fekk melding om hendinga like før klokka 19. Det er ikkje snakk om ein leiteaksjon, sa operasjonsleiar Tor Andre Gram Franck i Sunnmøre politidistrikt.

Tor-Andre Gram Franck

Tor Andre Gram Franck er operasjonsleiar i Sunnmøre politidistrikt.

Foto: Sara Lovise Roaldseth / NRK

– Vi har både sett han og snakka med han på telefon, så vi veit både kvar han er og at han har det bra. Men han kjem seg altså ikkje ned på eiga hand, sa Gram Franck.

Mannen var godt kledd, men hadde skadd seg i foten.

– Vi veit ikkje kva skade det er snakk om, men han haltar, sa Gram Franck.

Laster Twitter-innhold

Luftambulansen måtte gi opp

Luftambulansen prøvde først å lande for å hente opp mannen, men greidde det ikkje på grunn av mykje laussnø.

– Slik eg har forstått det, blei det virvla opp så mykje snø i samband med landinga at det ikkje gjekk, sa Gram Franck.

Eit Sea King redningshelikopter vart difor sendt frå Florø. I følgje Hovudredningssentralen på Sola var det på staden før klokka 21, og heiste mannen ombord, før turen altså gjekk til Ålesund sjukehus.