Hopp til innhold

Måtte leite etter skiløparar

Hovudredningssentralen vart varsla om to skiløparar som hadde køyrd seg vekk.

Strandafjellet

Det vart leitt etter to skiløparar på Strandafjellet laurdag ettermiddag. (Arkivbilde).

Foto: Strandafjellet skisenter

To skiløparar hadde køyrd seg vekk utanfor løypa på Strandafjellet. Politiet melde om dette klokka 16.20 laurdag.

Det vart arbeidd med å prøve å finne dei to. Etter ei kort stund kom meldinga om at dei to personane var lokaliserte. Dei vart frakta ned av skipatruljen.

Det var dårleg sikt og mykje snø på staden. Hovudredningssentralen vart varsla.

Kjende seg ikkje att

– Det var ganske dårlege vêrforhold. Skiløparane kjente seg ikkje att, og visste ikkje kvar dei var. Dei ringde og bad om hjelp, seier operasjonsleiar Tove Holst-Dyrnes i politiet til NRK Møre og Romsdal.

Økt internasjonal interesse for Strandafjellet

Rykte ut

Folk frå Stranda Røde Kors rykte ut. Også trakkemaskinen var med og leitte.

Dei to vart funne av Røde Kors-folka, og frakta ned av skipatruljen.

– Ingen av dei er skadd. Dette var vaksne sunnmøringar som køyrde alpint, seier operasjonsleiaren til NRK.

Strandafjellet er det mest besøkte skianlegget i Møre og Romsdal.