Måtte ha hjelp frå Kripos etter beslag av tusenvis av seksualiserte bilde

Politiet på Sunnmøre har fått hjelp frå Kripos for å gå gjennom alle bilda, då dei fekk tips om at ein mann sat med tusenvis av seksualiserte bilde av barn.

Politihuset i Ålesund

Politiet på Sunnmøre har tiltalt ein mann i 40-åra for å ha befatning med over 120 000 seksualiserte bilde av barn.

Foto: Synnøve Hole / NRK

Nyleg blei mannen tiltalt for å ha hatt over 120 000 seksualiserte bilde og 800 filmar, der barn har seksuell omgang på ulike måtar. Tidsrommet for innsamlinga strekkjer seg over ni år.

Politiadvokat Cathrin Remøy seier at det er ei alvorleg sak.

Cathrin Remøy

Politiadvokat Cathrin Remøy seier saka er uvanleg omfattande, og at dei har brukt lang tid på å gå gjennom bilda.

Foto: Synnøve Hole / NRK

– Mannen har halde på i lang tid og befatta seg med slike overgrepsbilde, der barn er ein del av dette og også deltatt i eit i fildelingsnettverk, som gjer at politiet ser alvorleg på saka, seier Remøy.

Ifølgje tiltalen har mannen skaffa seg bilda gjennom planmessig søk på Internett, og han er også skulda for å ha vidaresendt bilda, som skal vise barn som har seksuell omgang på ulike måtar, mellom anna ved tvang.

Les også:

Fekk tips for tre år sidan

Ifølgje politiet fekk Kripos tips om saka frå Interpol allereie for tre år sidan, og varsla deretter det lokale politiet på Sunnmøre. Remøy seier at saka omfattar svært mange bilde, og at dei har bedt Kripos om hjelp til å gå gjennom deler av materialet. Ho beklagar at det har tatt lang tid.

– Det var eit svært stort materiale, vi har gått gjennom og kategorisert dette, men det var så stort at vi måtte ha hjelp av Kripos, og det har tatt tid, dessverre, seier ho.

Remøy seier dei ikkje har funne eigenproduserte bilde, og at dei difor heller ikkje har forsøkt å få tak i kven ungane på bilda er.

Strafferamma for brot på straffelova 1902 § 204 a, er tre år.

Skal ha nekta

Advokaten til mannen har ikkje vore tilgjengeleg for kommentar, men ifølgje politiet har mannen ikkje vedgått det han er tiltalt for.

Strafferamma er på tre år, og rettssaka mot han startar i byrjinga av september. Der vil politiet også be om høve til å inndra datautstyr som skal ha vore nytta til nedlasting og spreiing av bildematerialet.