NRK Meny
Normal

– Det var berre å hive på seg kleda og legge på sprang

Det som skulle vere ei avslappande ferieveke i Kroatia fekk ein dramatisk start for Even Melheim og familien hans.

Even Melheim og familien

Even Melheim og familien måtte evakuere frå hotellet i Kroatia på grunn av skogbrann.

Foto: privat

Even Melheim frå Ørsta fekk ei uventa opning på ferien då han og familien vart vekte og måtte evakuerast frå hotellet i Makarska i Kroatia natt til måndag. Då stod heile åskanten ved hotellet i fyr.

– Vi vakna av at naboane hamra på døra klokka 03.00 om natta. Då var det berre å hive på seg kleda, ta med det mest nødvendige og legge på sprang, fortel Melheim.

Skogbrann

Bakgrunnen for dramatikken var ein skogbrann som kom nærare og nærare hotellet deira, Tamaris Apartment Hotel i Tucepi i Makarska.

– På laurdag då vi kom nedover, sat vi på god avstand og følgde med på skogbrannen. Då var den fleire hundre meter aust for hotellet vårt, fortel Melheim.

Heile søndagen dreiv det lokale brannvesenet med sløkking. Tre fly var i lufta i 12 timar og det såg ut som dei fekk bukt med flammane, så Even Melheim og familien hans gjekk til sengs.

Men det skulle ikkje ta lang tid før dei bråvakna.

– Vi sprang ned i lobbyen, der vi fekk beskjed om å gå ned på stranda. Der stod alle gjestane og såg på korleis røyken velta ned frå fjellsida.

Kraftig vind

At det var full storm gjorde at brannen spreidde seg i ei utruleg fart.

– Det bles så kraftig at det var vanskeleg å halde barnevogna på vegen, seier Melheim, som etter kvart vart frakta til Split, 1,5 time frå Makarska. Det var for mykje røyk i gangane på hotellet til at gjestane kunne bu der. I tillegg brann det framleis i fjellsida.

Melheim og familien var i Split fram til tysdag, men er no innlosjert på hotellet i Tucepi igjen.

– Ikkje slik eg såg føre meg ferieveka

Det sørlege Europa er prega av høg varme og kraftig vind. I Portugal har over 60 menneske mist livet i brannane som herjar.

Mange turistar fekk også skogbrannen i Makerska i Kroatia nært innpå.

– Det var ikkje slik eg såg føre meg ferieveka mi i Kroatia. Det er heilt sikkert. Men vi får gjere det beste ut av det.

– Det var ei oppleving av dei sjeldne.