Far og tre søner måtte hoppe i sjøen då fritidsbåten tok fyr

Tre gutar på 10 år og faren deira måtte evakuere i hui og hast då fritidsbåten dei brukte byrja å brenne på Romsdalsfjorden. Faren er sendt til sjukehus for sjekk.

Ein cabincruiser byrja å brenne på Romsdalsfjorden like over klokka 12.30 fredag 10. mai. Ein far og tre 10 år gamle søner måtte hoppe i sjøen. Her ser ein båten i full fyr. Dei fire som var om bord hadde allereie blitt plukka opp. VIDEO: Webjørn Remme, matros på Tiderose.

Ein cabincruiser byrja å brenne på Romsdalsfjorden like over klokka 12.30 fredag 10. mai. Ein far og tre 10 år gamle søner måtte hoppe i sjøen. Her ser ein båten i full fyr. Dei fire som var om bord hadde allereie blitt plukka opp. VIDEO: Webjørn Remme, matros på båten Tiderose.

Båtbrannen blir sløkt

Brannmannskap på staden sløkker båtbrannen.

Foto: Ottar Rydjord

– Alt dei rakk å seie var at det brenn om bord, så blei det brote. Det var «slap», «bang» og full fyr. Båtbrannar eskalerer fort, seier Jan Lillebø, vakthavande redningsleiar på Hovudredningssentralen på Sola.

Både Hovudredningssentralen og politiet fekk melding om brannen like over klokka 12.30 fredag, etter naudmelding til Florø Radio.

Då hadde ein fritidsbåt, ein over 40 fots cabincruiser, byrja å brenne på Romsdalsfjorden – rett på utsida av Hjelvikbukta.

Personane om bord, far og trillingar på 10 år, meldte sjølve frå om at båten stod i full fyr.

Båtbrann Hjelvika

Båten, ein over 40 fot lang cabincruiser, stod i full fyr på Romsdalsfjorden.

Foto: Roger Moen / NRK

– Dei hoppa tidleg på sjøen, der andre fritidsbåtar og andre båtar kom til unnsetning og plukka dei opp, fortel Lillebø til NRK.

Båten skal ha blitt svært raskt overtent.

Brakt til land

Fleire båtar blei sendt til staden, medan luftambulansen venta på dei fire uheldige på land.

– Dei skal vere i god behald. Dei blir frakta til kai, der luftambulanse med lege ventar for ettersyn, sa Lillebø klokka 13.20.

– Det ser ut til å ha gått veldig bra, mykje på grunn av godt sjømannsskap av folk i andre båtar, samt god jobb av Florø Radio.

Like før klokka 14.00 var alle personane trygt i land på Vågstranda.

Saka held fram under bildet.

Båtbrann sløkking

Brannvesenet i Måndalen sløkker brannen i cabincruiseren som tok fyr like over 12.30 fredag ettermiddag.

Foto: Roger Moen / Måndalen Brannvesen

Sendt til sjukehus

På land gjorde helsepersonell vanlege sjekkar på alle fire. Faren er sendt til sjukehus for sjekk, medan gutane er teke hand om av familien.

Årsaka til brannen veit ein lite om så langt.

– Men politi og brannvesen er på staden og vil undersøke det vidare. No blir dei fire teke hand om på best mogleg måte, før saka skal etterforskast vidare, seier Lillebø.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.