Hopp til innhold

Måtte betale 5000,- etter at sonen knuste hotell-lampe

Espen Garnes (39) måtte punge ut med 5 000 kroner då åtteåringen knuste ein lampe i resepsjonen på Hotel Alexandra i Loen. No får hotellet ein storm av klagar.

Espen Garnes og Monica Vestre

Espen Garnes og sambuaren Monica Vestre har fått støtte frå mange som syns dei er urettferdig behandla.

Foto: privat

Det var ein fortvilt trebarnsfar som måtte gå i resepsjonen og betale 5000 kroner då han og familien nyleg overnatta på Hotel Alexandra i Loen. For då guten hans på åtte år sette seg i resepsjonen, velta stolen, og drog med seg ein lampe som knuste. Og det blei dyrt for familien.

Stolen og lampen

Det var denne stolen i resepsjonen som velta, og ein tilsvarandre lampe som dermed knuste. Hotellet meiner stolane står svært støtt og ikkje veltar utan vidare.

Foto: Espen Garnes

– Eg syns det er heilt hårreisande at ein unge på åtte år må stå ansvarleg for slikt, seier Garnes.

– Men kvifor betalte du, dersom du ikkje var samd i kravet?

– Eg følte eg ikkje hadde noko val, eg vil ikkje ha noko uoppgjort på meg, seier han.

Storm av klagar på hotellet

Tysdag kveld la han ut ein kommentar på Facebook-sidene til Hotel Alexandra, der han klagar over behandlinga, og oppfordrar andre barnefamiliar til å halde seg unna. Innlegget har fått stor merksemd, og dei fleste av dei som kommenterer, støttar barnefamilien. Mange skriv at dei ikkje vil reise tilbake til hotellet.

Hotelldirektør ved Alexandra

Hotelldirektør Richard Grov ved Hotel Alexandra meiner dei har handtert situasjonen bra, men betalar likevel tilbake pengane etter at NRK tok opp saka.

Foto: Silje Guddal / NRK

Ifølgje hotelldirektør Richard Grov var guten uroleg då han sette seg, og rigla på stolbeina. Han meiner difor det berre var rett og rimeleg at foreldra betalte 5000 kroner, og legg til at lampen kostar 12 000 kroner ny.

Det som var gjort frå vår vakthavande, var gjort på ein fornuftig og grei måte, og slik eg har forstått det var partane samde då familien reiste herifrå, seier Grov.

Jusprofessor støttar familien

Trine-Lise Wilhelmsen

Jusprofessor Trine-Lise Wilhelmsen seier ein må bruke skjønn, men meiner det ikkje er rimeleg å krevje foreldra for erstatning.

Foto: Universitetet i Oslo

Men han får liten støtte hos jusprofessor Trine-Lise Wilhelmsen ved Universitet i Oslo. Ifølgje Skadeerstatningslova er foreldre pliktige å betale inntil 5 000 kroner for skadar borna gjer. Wilhelmsen strekar under at dette er eit skjønnsspørsmål, men meiner ein åtteåring er for liten til å kunne handle aktlaust, slik lova krev, for at foreldra skal bli ansvarlege for å gjere opp.

I utgangspunktet vil eg seie at for eit barn på åtte år skal det mykje til at ein vil statuere aktløyse, og då er det ikkje rimeleg å krevje erstatning frå foreldra, seier ho.

Så då har hotellet strekt det litt langt?

Ja, eg syns det. Her burde ein nok ikkje kravd pengar, seier ho.

Betalar no tilbake

Rekning for erstatning

Her er rekninga som Espen Garnes måtte betale på 5 000 kroner etter at sonen knuste ein lampe.

Foto: Espen Garnes

Etter at NRK tok opp saka tysdag, har Grov bestemt seg for å betale tilbake pengane til familien frå Sunnmøre, men han seier hotellet vil handle like eins om noko slikt skulle skje igjen.

– 5000 kroner er ikkje avgjerande for Hotel Alexandra på nokon måte, men vi ønskjer no å få avslutta saka og betalar difor.

– Men ville de gjort det igjen?

– Ja, det vil eg tru, seier han.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL