Hopp til innhold

Mathisen er usikker

AaFK-kantspelaren Alexander Mathisen er usikker framfor kampen mot Start søndag.

Alexander Mathisen
Foto: Arne Flatin / NRK

Mathisen er plaga med ein vond ankel, men var med på treninga i formiddag då NRK var innom. Til NRK seier han at det er usikkert om han vert klar til søndag. Han skal teste ankelen laurdag formiddag. Frå før er Peter Kopfteff ute med skade. Dermed har trenar Kjetil Rekdal færre alternativ å velje mellom.

Akexander Mathisen
Foto: Arne Flatin / NRK

Det mest sannsynlege er at Jonathan Parr og Peter Orry Larsen spelar frå start av dersom Mathisen er ute søndag. Koptfeff er ute for ein lengre periode.

Godt resultat viktig

Rekdal er opptatt av å få eit godt resultat mot Start. Viss ikkje vil ein fin sesongstart fort verte snudd til ein middels eller dårleg start på sesongen. Rekdal poengterer at både AaFK og Start er på poengjakt etter skuffande resultat sist runde. Start hadde Rosenborg i kne, men tapte til slutt. AaFK leia 2-0 mot Odd i Skien, men fekk bakoversveis og fire lettkjøpte mål i mot.

Kjetil Rekdal
Foto: Arne Flatin / NRK

Jamn Eliteserie

Kjetil Rekdal er for øvrig ikkje sjokkert over resultata i Eliteserien så langt, men konstaterer at det er jamnt og at ein god del av dei så kalla favorittane ikkje har innfridd. Dette gjeld først og fremst favorittlaget Vålerenga, pluss Lillestrøm og Viking. Stabæk har heller ikkje vore på same nivå som i fjor, men ser ut til å vere på sporet no etter sigeren i Fredrikstad, seier Rekdal.