NRK Meny
Normal

Mathisen er AaFK-aktuell

Alexander Mathisen er fristilt frå kontrakten i belgiske Lierse. No kan han vere på veg tilbake til norsk fotball.

Alexander Mathisen

Alexander Mathisen står oppført med 58 AaFK-kampar i perioden 2008-2010. Ifølgje NTB kan 25-åringen bli oransje igjen til neste sesong.

Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / Scanpix

– I augneblinken er ikkje noko klart. Eg skal vurdere nokre tilbod, og så får vi sjå.

Det seier Alexander Mathisen til AaFK.no onsdag.

Alexander Mathisen

Her takkar Alexander Mathisen publikum etter det som så langt er 25-åringen sin siste kamp i AaFK-trøya.

Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / Scanpix

Samtalar med AaFK

Mathisen kom til Aalesund i 2008, etter fire år i Vålerenga. I 2010 reiste 25-åringen til Belgia og Lierse.

Der blei det berre 11 kampar, men heile årets sesongen har blitt sett frå sidelinja.

I desember i fjor blei Mathisen matforgifta under ein treningsleir i Egypt. Dette førte til infeksjon, to operasjonar og eit lengre sjukehusopphald.

Heile sesongen har gått med til opptrening, og no er altså Mathisen fristilt frå kontrakten i Lierse.

Ifølgje NTB skal han vere i samtalar med Aalesund.

– Flott å vere tilbake

Til AaFK si heimeside fortel Mathisen at framtida blir vurdert.

– Min sambuar og eg ventar barn om ikkje så lenge, og det må takast med. Men det er uansett flott å vere tilbake i Ålesund, seier 25-åringen.

I sin siste sesong i AaFK spelte Mathisen 22 kampar i eliteserien. Han scora ni av sine 11 mål for oransjetrøyene dette året.

For tida held han forma gjennom eigentrening, samt treningar med Vålerenga når han er i Oslo. Onsdag var han derimot i Ålesund.

– Det nye kunstgrasdekket verkar heilt suverent, slo Mathisen fast.

Dersom 25-åringen blir AaFK-spelar igjen, blir det i så fall frå 2013-sesongen av.

(NRK/NTB)