Hopp til innhold

Matchvinnar usikker

Han vart matchvinnar mot Odd Grenland i går, men Aksel Berget Skjølsvik kan fort vere ute av laget til neste seriekamp mot Start 15.juni.

Moldes Aksel Berget Skjølsvik
Foto: Svein Ove Ekornesvåg / Scanpix

Også i fjor overbeviste midtbanespelaren då han fekk sjansen.

Han innrømmer at det er vanskeleg å få fast plass på ei stjernespekka MFK-midtbane.

-Kan ta RBK

Molde tilbake på 2.plass

- Det er ikkje lett. Men eg må berre stå på kvar trening og kvar A-kamp og kvar B-kamp, seier han.

-Det viser seg at når det er 30 kampar i år, og nesten ikkje ferie i år så det er behov for dei fleste, så det er berre å holde seg i form til den dagen ein får spele, seier Skjølsvik.

Men i går var i alle fall Aksel Berget Skjølsvik i fokus då han fekk ballen innafor boksa 10 minutt før pause.

Ikkje trygg

Men Molde har rota bort poeng i sluttminutta før, og Berget Skjølsvik var ikkje heilt trygg før dommaren bles.

No er det 14 dagar til neste seriekamp- borte mot Start. Det vert ein ny toppkamp. Så kjem kampane tett som hagl. Skjølsvik ser fram til treningsveka som kjem og var letta over at det endeleg vart ein ny trepoengar på heimebane.